I tjue år har me hatt dei her på vestlandet. Så lenge eg har vore huseigar, har eg hata dei. Iberiasniglane er store, feite, brune og et helst spirande og friske planter.
Eg orkar ikkje eingong slenge på eit bilete for å vise, eg blir fysisk kvalm av dei.

Det jævlegaste med iberiasniglane:

  • Dei kan ete eit heilt bed flatt på ei natt. Tjue nye planter vips borte neste morgon.
  • Om morgonen er dei overalt. Duggvått gras i hagen med ti iberiasniglar per kvadratmeter.
  • Dei kryp oppetter veggene, sit fast på skoa og blir med inn i huset. Digre, slimete sataner.
  • Slimet utanpå dei går faen ikkje av. Har du først hakka ein snigel i to med spaden, så er spaden fullt av ikkjetørkande superlim til evig tid.
  • Dei et kvarandre. Slår du ihjel ein snigel, kan du gå tilbake ein halvtime etter og finne fem kannibalar som meskar seg på liket.
  • Du kan fange dei i boksar med øl i. Men då må du takle ein heil boks full av sniglar. Veldig ekle sniglar.
  • Du kan drepe dei med salt. Men då må du takle å kvitte deg med halv-vrengte slimete daude sniglar.
  • Du trur du klarar det. Du henter fram mordlyst og saks og klypper 130 sniglar i to om kvelden. Neste morgon er det ikkje-tørkande superslimklattar overalt på plenen. Du skiftar taktikk. Neste kveld samlar du 214 sniglar i bøtte med salt og kastar i bioavfallet. Neste morgon kryp og kravlar det kannibalsniglar overalt kring boss-spanna. Du skiftar taktikk. Denne kvelden samlar du dei i mjølkekartongar halvfulle av salt, og så limer du kartongane igjen til slutt og kastar dei i restavfallet. Men du går tom for salt. Du går tom for mjølkekartongar. Og det er akkurat like mange sniglar i hagen. Enno er du berre komme til tredje kvelden. Etter tre år er det akkurat like mange sniglar i hagen.

Eg kjøpte ferromol, eg. Ein bitteliten pakke med blått kakestrø som inneheld ein jernforbindelse. Sniglane et kakestrøet heller enn plantene, og så blir dei dårlege og gøymer seg under bakken, og der dør dei. Genialt opplegg. Ingen sniglelik. Win-win, reint bortsett frå at det er svinedyrt.
Derfor kjøpte me fem kg ferromol i Danmark. Der var prisen berre det kvarte, omlag det den burde ha vore her også, om politikarane hadde den minste interesse av å få bukt med snigelsvina.

Men akkurat i vår hage funkar ikkje ferromolen så godt. For me har skjærer. Det er dei desidert jævlegaste fuglane i heile den norske fauna. Dei er store, dei rotar i bosset, dei bråker inn i helvete, og alt dette kunne eg levd med om dei ikkje ÅT FERROMOLEN.
Eg strør blått kakestrø kring bed og blomar, og skjærene er raskt på pletten og plukkar han i seg. Og hadde skjæra vore ein alminneleg fugl, og ikkje den desidert jævlegaste fuglen i den norske fauna, så hadde den latt det bli med det. Men sidan skjæra altså er så inn i hule heiteræven grønnjævleg, fortsetter den. Når den har ete opp all sniglegiften som ligg på bakken, tenker den sannsynlegvis «aha, det må vere meir under her». Og så riv den opp alle dei små plantene. Dei gamle staudene skal klare seg mot skjærene sine åtak, men det er jo nettopp dei gamle staudene som ikkje sniglane et. Alle nye, fine urter, alle sommarblomar vakse opp frå frø, alt som er fint og nytt og dyrt, alt som ungane har planta og vatna kvar einaste dag uansett om det regner eller ei.
ALT må opp, syns skjæra.

Eg hatar iberiasniglar.
Eg hatar skjærer.

Så, når ein har eit importert skadedyr som et hagane flate, et all kål og potetplanter, et alt som kan etast, som veks og gror, kvifor har ikkje landbruksministeren gjort noko før?
Her vest har me plukka og hata sniglar i årevis. Og me har nikka til kvarandre over hekkane og sagt:

«dei reagerer nok ikkje inne på Løvebakken før Oslohagane blir invadert, eller kan hende vil Senterpartiet reagere når dei store bøndene austpå får plaga over seg i bibelske proporsjoner. Men då er det for seint. Dei kunne hjulpe oss no, mens skaden framleis var avgrensa og det kunne vore mogleg å kvitte seg med den. Men dei kjem ikkje til å reagere før det er for seint.»Snakk om uheldig biletplassering

Og det er visst no.

(postpost: Det blei ein liten illustrasjon likevel, sidan Bergens Tidende driv og plasserer Obama i eit lite flatterande lys)