Uansett om ein likar nye eller gamle bøker best, om ein let seg begeistre av Ibsen eller Ragde, så vil me gjerne at bøker skal stå i hylla hos bokhandlarane.

Eg har berre vore i London ein gong som vaksen, og blei nærast litt manisk kjøpelysten av bokhandlarane der. For når eg har lese ei god bok, går eg gjerne til hylla og ser om forfattaren har skrive meir. I følge norske bokhandlarhyller har h*n sjeldan det. Men i London hadde forfattarane skrive mange bøker. Pent alfabetisert, på rekke og rad.

Eg har forstått det slik at nesten alle bøker på skjønnlitteraturhyllene her til lands blir bytta ut årleg. Først hardback, så pocket, så januarsalg, så mammut, så borte vekk.
(Og så blir det Karius og Baktus-stemning. Ikkje ein smule igjen.)

Nokon har forklart meg at dette handlar om skatt og moms og lagringsplass og slikt. At butikkane bør ha minst mogleg på hyllene, og endå mindre på lagerrommet. At ting som ikkje kan selgast med det samme må bort.

Eg ser for meg kva som skjer med det som ikkje forsvinn for ti kroner på mammut. Dei bøkene som nokre folk har tenkt ut og skrive, eit forlag har tenkt at denne boka er bra nok til å bli utgitt. Men media kasta seg ikkje over boka, den drukna litt, blei borte i Märtha-nyhende og bestselgarar og bøker som heiter noko med fitte. Kan hende skriv forfattaren ei bok fem år seinare som slår gjennom. Kan hende ville nokre av lesarane syns den første var ei perle. Om dei hadde funne den, men det gjer dei ikkje. Den er borte.
(undrande barnekvinne: Blir den brent? makulert? levert til gjenvinning? blir den dopapir?)

Nokre bøker blir ikkje klassikarar før dei har vore ute ei tid. Og nokre bøker kan vere mine og dine favorittar sjølv om ingen syns dei er klassikarar.

Eg les ikkje hundrevis av bøker i året, det er mykje eg ikkje får med meg.
Eg tingar ikkje Vinduet eingong. Det er rett og slett veldig sannsynleg at det kvart år blir destruert hundrevis av bøker som eg hadde likt. Ein dag, når ungane er større og eg begynner å lese mykje igjen, då ville det vore så fint om desse bøkene var blant oss framleis. Eit og anna eksemplar, her og der, på hyllene i norske bokhandlarar. Ikkje berre på lageret til biblioteket, der eg aldri slepp inn.

For i London tek dei ikkje vare på dei norske bøkene, det må me gjere sjølve.

Reklamer