Altså. Heilt ærleg. Eg er mot industrielt landbruk der grisar ikkje får gå fritt ute, der tusen såkalla frittgåande høns hakkar kvarandre ihjel fordi dei ikkje kan bli ferdig med rangeringa i så store grupper. Eg er mot å halde pelsdyr med store naturlege territorier i små bur tett på kvarandre, så dei er evig stressa og mismotige. Eg er mot å henge dyr opp ned før ein skjærer halsen over på dei og lar dei blø ihjel.

Men å verne om iberiasnigelen i Noreg fordi naturen kjem i ubalanse om ein utryddar ein art som nyleg er komme hit og ikkje har naturlege fiendar?

Og at me ikkje skal vere slemme mot sniglane fordi det kan vise seg i framtida at dei likevel kan føle smerte?

– Vi er ikke begeistret for at løsningen skal være å drepe sneglene. Vi antar i dag at sneglene ikke kan føle smerte og ubehag, men slik har man jo tenkt om dyrearter tidligere hvor det viste seg at de kunne føle smerte likevel. Om de faktisk kan føle smerte, er det ikke akseptabelt å drepe dem. Der man er i tvil, skal man være føre var, sier informasjonsansvarlig i Dyrebeskyttelsen Norge, Odd Harald Eidsmo.

Hohoho! Du kan komme her og ta med deg alle dei tusenvis av sniglane som tyt fram i hagen min, og ta dei med deg heim, Eidsmo. Du kan ha dei hos deg og kose med dei og fore dei med salat. Velbekomme. Jo fortare du kjem, jo fleire reddar du frå saksa mi.

Og veit du, bioforsker og professor i landbruksmeteorologi, Arild Andersen, ved Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås, du kan asfaltere din eigen hage.
Eg føretrekk liksom planter i min.

– Man trenger ikke drepe sneglen for å bli kvitt den. Ofte kan det være vel så effektivt å fjerne sneglens livsgrunnlag. Mitt hovedråd er å anlegge hagen slik at sneglene ikke trives der. Sneglen liker hager med mye mat, fuktighet og gjemmesteder. Dersom dette tas vekk, vil mest sannsynlig også sneglen forsvinne av seg selv, forteller Andersen.

Gaaah!

Advertisements