Eg har raude kinn og raude negler med skit under. Eg lurer på kor mykje klatrerosa New Dawn vil vekse på ein sommar. Eg lurer på om den nye redaktøren vil hate alt eg har gjort. Eg lurer på om eg skal skaffe meg ein vanleg jobb. Eg elskar ungane mine. Eg elskar livet mitt. Eg har drukke for mykje te.

Frå no av og ein månad fram er det fem sider om dagen. Tjuefem sider med halvanna linjeavstand i veka. Eg reiser nok til sommarhuset i løpet av veka.

Eg er her.

Me er heile, alt er vakkert.

Posttillegg: Mandag morgon. Eg har fulgt jentungen på skulen. Sola skin, me hadde vårjakker på. På veg inn i hagen henta eg avisa, den kjem før posten. Og på side tre var det bilete av ungane mine. Fireåringen i grått og blått til venstre, sjuåringen i svart til høgre. Bror min påstår det ikkje er folkeleg å gå i museumsparken på «tradisjonsleik»-arrangement av Mållaget. At det er litt sånn hatt og stokk. Ungane mine er i alle fall folkelege nok. Særleg han minste. Folkelegare enn dei heslige buksene skal du leite lenge etter.

Og dersom du skulle ha ungar, og skjønar at dei ikkje blir sterke eller lukkelege av å tilbringe barndommen foran ein skjerm, så er det berre å lære dei nokre leikar.

Advertisements