Eg har foretatt ein observasjon.

Det var søndag, sola skein og eg hadde bruk for eit urban moment. Eg gjekk ned til sentrum i den vesle byen eg bur i, kjøpte meg ein narvesen latte og sette meg på ein murtrapp med utsikt over hamna.
Eg sat like lenge som det tar å drikke ein papp-latte og røyke to mentolsigarettar.
Eg såg 51 vaksne mennesker.
Og dette var observasjonen min:
Eg såg 9 kvinner og 42 menn.
Mennene fordelte seg slik: Nokre gjekk aleine (omlag ein tredjedel), nokre gjekk saman to og to, ei gruppe var på tre menn (dei var ganske unge). Dei varierte i alder frå dei tre ungdommane til menn som sikkert var omlag seksti. Nokre sat på ein benk, nokre rusla langsamt langs hamna, nokre gjekk med pizzaer i hendene (Dolly Dimples ligg nede på hamna), og dei med pizzaer (tre) var anten veldig unge (to) eller tjukke (den tredje).
Tre av mennene gjekk saman med ei kvinne. To av mennene gjekk i familiegrupper.

Så var det kvinnene. Dei var jammen ikkje mange, og berre ei gjekk aleine.
Tre av kvinnene gjekk saman med kvar sin mann, to av desse para hadde born med. Fire av kvinnene gjekk saman med familiegrupper (begge besto av to kvinner og ein mann, den yngste kvinna på alder med mannen, den eldste såg ut til å vere ei bestemor i begge familiegruppene, og begge gruppene hadde fleire born med). Ei kvinne gjekk aleine med eit barn.
Den eine kvinna som gjekk heilt aleine, dro på ein trillebag, og ho skunda seg inn i ein ventande buss.

Dette såg eg. Dagen før hadde eg lese Persepolis. Eg hadde tenkt tankar om at kvinner i Noreg ikkje likar å gå aleine om kveldane, men at me i det minste er frie på dagtid.
Det ser berre ikkje slik ut.
Menn går rusleturar i hamna. Saman med ein kompis eller aleine.
Kvinner går turar der dei anten er saman med ein mann, eller saman med born, eller begge deler. Kvinner beveger seg i flokk, og flokken består nesten alltid også av born.

Ein kan gjette mykje av dette. At kvinner ser ut til å ha hovudansvar for borna, at menn er meir einsame, at kvinner ikkje ruslar turar aleine berre for å gjere det, at kvinner likar betre å vere saman med andre, at kvinner bruker søndagane på å sove ut rusen, mens triste og einsame menn rek gatelangs og tør ikkje vere heime. Det er berre gjettverk.

Eg drakk opp kaffien, lukka notatboka mi og gjekk heim.
Eg hadde ikkje telt meg sjølv med. Men eg var der. Einaste einslege kvinne utan formål, born eller trillebag.

Advertisements