– Nåh, sa min danske ektefelle og plasserte den halve flaska Gammel Dansk mellom oss. – Kva er det du driv med for tida? Grev du deg ned i unødige detaljar?
– Kan godt vere, svara eg.
– Så fortel, kva er det som skal skje frametter, og ta det kronologisk er du snill.
– Nei, altså. Eg huskar ikkje heilt kvar du hoppa av, kva du har fått med deg.
– Ragna er på veg ein eller annan stad, og så skal ho heim igjen, og eg trur me er på dagen etter Vårjamndøgn.
– Nei, nei, ho skal ikkje heim igjen med det same. Og me er på to dagar etter blotet.
– Huh? Men altså, kjem det tydeleg nok fram, syns du?
– Ja. Du får heller lese om igjen. Det er ikkje til noko hjelp dette her.
– Orsak. Du får fortelje kva som skal skje frametter, og ikkje bry deg om meg. Skam på meg.
– Greit. Det er rådslaget om brura, og ho blir sendt nedetter, og i mellomtida er det herdueganes råd, og det blir sendt ut bod om at skipsreidene i Blåinn skal gjere klår skip og mannskap i fall brura ikkje er nok. Brage skjønar jo såpass, han kan ikkje stole på at det er nok med alliansebygging.
– Kor lang tid tek alt dette?
– Sjøreisa tek omlag to og ei halv veke, kanskje tre, kjem an på veret.
– Men kva med Eirula? Kven er det som sender Svart-Hubro nordover?
– Det gjer Jorol.
– Kva tid?
– Omlag samstundes med at brura blir sendt sydover.
– Kva om han venta med det, til etter brura er komme?
– Nei! Nei, det går ikkje. Svart-Hubro reiser tilbake til Lyria, og vidare til Eirula. Han må få litt tid på seg, både til reisa og til å samle ein hær.
– Men der er det noko eg ikkje har forstått. Korleis kan han reise ein hær i Eirula, om krigarstanden støttar den sittande kongen?
– Folket er splitta. Den sittande kongen er jo frå Blåinn, og sjølv om ryttarfolket i nord (dei du kallar krigarstanden) støttar han, så har Svart-Hubro støtte frå bøndene, handelsmennene, alle velståande folk i den meir siviliserte delen i syd. Dei bur tett på Kenda, og har tettare forbindelsar til Kenda og Lyria, der Svart-Hubro har vore i eksil sidan han var barn.
– Men det går ikkje, det der. Om han skal samle ein hær, er det lite nyttig med støtte frå bønder og handelsfolk. Dersom ryttarfolket i nord støttar kongen har han ingen sjanse.
– Jodå.
– Nei. Og kva med Kenda? Kva er historia der? Du har fortalt så mykje om Lyria og Eirula, men ingenting om Kenda.
– Nei, eg veit ikkje heilt. Kenda er liksom eit slags nøytralt land mellom der. Eg har ingen historiar om Kenda. Det berre er der liksom.
– Det er STRENGT FORBODE! Du kan ikkje ha med eit land og eit folk som ikkje har nokon funksjon, historie og agenda!
– Jammen, det er liksom med fordi verda skulle bli litt større.
– LIKSOM!
– Ja. Liksom. Sjå her då! *peikar på kartet*
– Du har Yllarheim mellom Eirula i nord og Lyria i sør. Det ser heilt fint ut. Og den fjellkjeda der, mellom Eirula og Yllarheim er ein meir naturleg deling mellom to land. Kva meiner du skal vere den nøyaktige grensa mellom Eirula og Kenda.
– Floden. *spak*
– Floden? Det er ingen naturleg grense. No må du gje deg. Alt her oppe i Blåinn og nede på Raudinnkalotten er detaljert og gjennomtenkt. Men Kenda berre ligg der, det er heilt meiningslaust.
– Bort med Kenda.
– Ja, bort med Kenda.
– Det området her kan heller vere ein del av Eirula.
– Ja, det kan. Og det gjev også meining i forhold til Svart.Hubro, for då har du dette landbruksområdet sør for floden som ein eigen provins, der misnøye kan rå, mens nord for floden ligg slettene der ryttarfolket er. Kor er byane?
– Der og der og der.
– Og Yllarheim som einaste land mellom Eirula og Lyria er også mykje betre, sidan skogane der er umoglege å krysse. Eller i alle fall lite freistande.

*stryk over namnet Kenda på kartet*

Advertisements