Sist eg var hos ein frisør ba eg om einslag kort, skrå bob. Eg blei skamklypt og likna Black Adder med parykken på skeiva. Sidan har eg hatt vegring. Men no er det på tide igjen, sidan Black Adder-parykken har vakse ut og blitt halvlangt kjerringhår.

Eg tilhøyrer også dei 13,89 prosenta av befolkninga som har fall og helst skulle hatt glatt hår.

Det er ikkje alltid like lett å kommunisere med frisørar. Eg veit ikkje om det er eg som uttrykker meg uklårt, eller om dei berre er usamde eller om eg har heilt urealistiske forventingar. Ønske meg lukke til.

Før-bilete:

Oppdatering.

Eg innser at eg må slutte heilt å gå til frisør. Dei gjer så godt dei kan, men inne i mitt hovud er det så grunnleggande annleis enn utanpå. Særleg etter frisøren er ferdig. Eg får satse på Løkkebergsveis.

Etter-bilete:

Advertisements