Etter nokre litt traurige månader har det endeleg løsna. Der feis følet, pleier far min å seie om han får yatzi. Eg har det litt sånn no. Det blir lite blogging av slikt. Men amerikanarane har landa på mars i dag, eller i alle fall med ein sonde (kvifor kallar dei det romsonde? er alt der ute romting? ein romskrue er laus på romsonden fordi rommutteren ikkje var romteita skikkeleg?). Eg er gira og lukkeleg over at dei skal finne is. Tenk det. Så tøft. Is på mars.

No skal eg dikke pulverkaffe med mjølk og sukker ute på trappa, og få kontakt med meg sjølv. Haha, slik gjer ein det. Vips. Kontakt. Og så skal eg skrive meir. Og meir og meir. Stakkars nye redaktøren som arvar eit bokprosjekt på snart – i alle fall veldig mange boksider. Men det gjer ingenting, seier han der mannen min. Me som les fantasy disser fullstendig bøker på under 600 sider, seier han. Og så flirer han og tenker på korleis fantasyfolka ville reagert om ein kom drassande med ein bunke tynne bøker. Det blir omlag deromkring, trur eg. 600 boksider.

Og så har eg øvd på å lese engelsk. Kyrne var veldig nøgd, men då eg skulle øve framfor menneskefolk skar det seg litt. På torsdag er det sikkert heilt annleis. Då kjem ein guddommeleg finger til å pirke ved meg frå himmelen over Lillehammer by. Pirk, pirk. Og så snakkar eg flytande engelsk. Heilt sant. Slik gjer ein det. Pirk, pirk. Vips. Flytande engelsk.

Dette blei kanskje ikkje så sexy. Derfor spritar eg det opp med Chris.

Advertisements