Dag Solstad er ikkje så nøgd med ytringsfridom, har eg latt meg fortelje. Kan hende er han ikkje så nøgd, fordi folk flest er idiotar. Og dersom folk flest skal ytre seg heile tida og overalt, druknar dei gjennomtenkte, interessante og reflekterte ytringane.
Kan hende saknar han universitetet. Kjensla av å sitte blant idiotar som trass alt ikkje er skikkelege idiotar, berre medstudentar som ein kan krangle kvalifisert med. Kan hende saknar han fjernsynsdebattar der folk fekk snakke ferdig. Kan hende vil Dag Solstad seie noko om at tankar blir meir interessante om ein bruker tid på dei. At refleksjon ikkje kjem dettande som innfall, men krever tid og rom. Uforstyrra, eller iblant stimulerande. Men ikkje hektisk, avbrote og opphissa.
Kan hende kunne Dag Solstad ønske at dei kloke fekk meir plass. At journalistar gjorde eit skikkeleg arbeid. At det sto færre artiklar på trykk kvar dag, men at det låg meir arbeid bak dei. Kan hende saknar han å gå inn i ein kiosk og vite at han kan finne eit par gode aviser, og at det i bladhylla vil stå nokre interessante vekes- eller månadsmagasin. Gjerne noko med kunst og litteratur, men gjerne andre ting også. Berre ikkje desse anmassande, glorete og overflatiske glanspapira hyllemeter på hyllemeter.
Kan hende kunne Dag Solstad ønske at dei kunnskapsrike og intelligente fekk bestemme meir. Kan hende skotta han opp då han høyrde Jonas Gahr Støre på tv for første gong og tenkte for seg sjølv at det var forfriskande du, tenk om Jens hadde valgt ut slike folk til heile regjeringa.
Kan hende sit han heime og tenker for seg at demokratiet er usselt. At det er trasig å måtte dele makta med ein majoritet som trur på Siv Jensen og FrP. At politikarar som kallar forskning for professoralt vrøvl ikkje burde kunne forføre nokon. At desse som stemmer på slikt ikkje veit sitt eige beste. Og kan hende tenker han i blant at det kunne vore stas med eit demokrati som krevde eit visst utdanningsnivå for å få stemmerett. Kan hende blir han til og med gripe av fantasiar om at demokrati suger skikkeleg, at ein like godt kunne satt alle desse idiotane under administrasjon.
Kan hende har Dag Solstad det litt vemmeleg med å skulle seie høgt at folk flest er for kunnskapslause, ureflekterte og dumme. Kan hende er han mild og forsiktig, eigentleg, når han skuvar skulda på ytringsfridomen og internettet.
For kan hende tenker han også slik som eg gjer i blant. At det er ikkje sikkert desse idiotane ikkje veit sitt eige beste. Kan hende er deira eige beste annleis enn mitt eige beste. Kan hende vil dei faktisk ha det slik. Og sidan dei er i fleirtal så får me kan hende prise oss lukkeleg, enn så lenge, over at det ikkje har gått verre enn dette.
For me deler denne nasjonen med alle desse folka, og det er ikkje mi rett til å sette meg over dei og ta makta over deira liv. Eg kan berre sette meg over dei inni meg. Eller seie noko om det. Skrive eit essay, eller halde ein tale. Kan hende skrive ein bloggpost.
Det kan eg gjere. Solstad og eg. Det er å nytte same ytringsfridomen som Siv Jensen nyttar når ho lyg så ho trur det sjølv.
Det er litt stussleg, men det er då noko.
…dette er teit. Det finnes da vitterlig fora for de elitistiske massene også. Morgenbladet. Klassekampen. Det danske magasinet Kultur & Klasse. Kirke & Kultur. Jeg er enig i at folk er dumme (man har da nesten en bachelorgrad i litteraturvitenskap), men jeg er uenig i at det hjelper å skrike opp om hvor dumme folk er. Det gjør bare folk enda dummere – det skaper en motkultur hvor dumhet gir status. Carl Ivar Hagen er en dumhetens Bob Dylan og resten av FrP-besetningen er idiotiets The Band. «I ain’t gonna work on Maggie’s farm no more!»
Forresten renker jeg på akkurat samme måte, så når jeg sier «dette er teit» er det en kritikk rettet mot Dag Solstad og meg selv.
Jeg Tenker, jeg renker ikke. WordPress burde innføre muligheten til å forandre innlegg.
Jeg tenkte noe som ligner veldig på dette da jeg leste referatene av det Solstad hadde sagt. For han har et poeng, det er sikkert. Selv er jeg dogmatisk tilhenger av ytringsfrihet, men du verden, vi legger lite innhold i bruken av den. Når Se&Hørs rett til å trykke bilder av hvem de måtte ville, sammenlignes med Aung San Suu Kyi, da er begrepet ytringsfrihet nesten blitt en tom mengde.
Iskwew, du kan la være å lese Se&Hør hvis du vil. Det burde ikke irritere deg at Se&Hør finnes.
Det er ikkje teit å ønske seg at ting var annleis og ytre seg om det.
Det er heilt greit, i grunnen.
Eg og du og Solstad kan seie kva me vil, takka vere ytringsfridomen.
Og folk kan seie kva dei vil imot. Du kan til dømes seie det er teit, og eg kan følge opp med «nei, det er det ikkje så!».
Slik kan me halde på.
Kanskje det er teit. Men litt fint og. Ingen redaktør som ikkje syns kommentaren din var verdig, ingen redaktør som nekta meg å skrive dette. Ingen desk som heller sette opp eit bilete av ein halvnaken pedofil austerrikar for femtiande gong, eller eit bilete av ein fotballspelar som har litt vondt i ein tå, eller ei lekker dame som har skrive ein ganske dårleg bok og kalla den for Prestefitter.
Teit og fint. Eg veit ikkje kva eg syns mest.
Iskwew, eg meiner heile demokratiet og den frie marknaden og pressa og internett lider under same åk. Idiotane. Alle burde vore som eg og mor mi. Og deg og Ole og Solstad, kan hende.
Jeg for min del synes ikke at alle skulle vært som Solstad 🙂 Det er langt fra alle ytringene hans som er noe å rope hurra for, etter mitt ringe skjønn.
Eg er no ikkje spesielt lik Solstad, heller. Men eg prøver å forstå han. Eller i det minste ytringane hans. Og eg er glad for at han har retten til å ytre seg, og at eg har den.
Kjenner jo igjen tankene… det må innrømmes at de er tenkt her også. At «folk flest» er idioter, altså. (Men selvsagt ikke de jeg kjenner som er oppegående, intelligente mennesker.)
Men for noen så er det sikkert jeg som er «idioten». Da er det litt greit at ytringsfriheten faktisk gjelder for oss alle, for hvordan avgjøre hvem som er klokest og mest kunnskapsrik?
Merkeleg nok ville folk flest sikkert kjenne seg igjen, lothiane. 😉
Det er jo pent av deg å prøve å forstå Solstad, se litt nærmere på hva han egentlig mener.
Medieoppslagene har ikke akkurat vært preget av slikt.
Antallet idioter i dette landet er vel pt oppe i ca 100.000, dvs de som har meldt seg inn i Facebook-gruppa til støtte for lavere bensinpriser. Tenker nå jeg. Det nytter ikke å dytte på folk fakta, ser det ut til, det er nå en etablert sannhet at bensinen i Norge er av dyreste i Europa osv.
Jaså? Sier jeg da. Jeg bor i dyrt land og har fått høyere lønn etter lønnsoppgjøret. Er jeg den eneste?
Sukk.
Altså:
Meiningsytringar er kun verde å estimere i den grad dei vert framlagde på ein litterær og intellektuell høgverdig måte.
I fylgje Sartre (jaudå, eg var nok ein tur innom Wikipedia) er ein intellektuell ein som blandar seg i ting han ikkje har noko med.
Konklusjon: Den som kjenner skoen trykke burde eigntleg halde kjeft og vone at einkvan frå intelligensiaen med tilstrekkelge litterære evner, tilfeldig og på forunderleg vis skal observere,fatte interesse for og til slutt formidle fenomenet.
Eg er redd dette ville føre til auke i talet på gnagsår og tilfelle av dårleg blodsirkulasjon med påfylgjande komplikasjonar. Ikkje berre for han med dei dårlege skorne, men for omgjevnadene og.
DEN FARLIGE DAG
jeg kommer ikke utenom
og nesten ikke forbi
den Solstad-skikkelsen
nesten daglig
Dag Solstad
Dag Solstad
Dag Solstad
den Dag Solstad
jeg her vil snakke om
er en helt
annen enn
den Dag Solstad
den Dag Solstad
jeg her vil snakke om
er den virkelige
Dag Solstad
jeg vil snakke om
jeg vil snakke om
opprøreren Dag Solstad
rebellen og anklageren
ja, jeg vil her snakke
Hvem er Dag
Solstad Solstad
er et litterært spørsmål
et stykke norsk litteraturhistorie
med andre ord
jeg kommer ikke utenom
– av Tomas HV Mørkrid, 1997
All tekst er sitater fra innlegget til Klassekampens litteraturanmelder Leif Høghaug i Aftenposten 10.juli 1997. Av hensyn til poesien er sitatene noe forkortet.
Jeg må nok innrømme at jeg iblant har lurt på hvorfor ytringsfriheten gjelder for idioter også, men hvis den ikke gjorde det, hvordan i allverden kunne vi vite at de er idioter? Hvis de aldri åpnet kjeften og fortalte oss, mener jeg?
Har vi ikke hørt alt dette før? Platon, filosofkonger, og så videre. Joda, det hadde vært fint for kongene på haugen, intelligente som de er, å styre og stelle sjøl. Men det hadde ikke vært spesielt fint for de som ikke er konger på haugen, for ikke å snakke om de intelligente og intellektuelle som — gisp! — har sympati for røkla.
Det er nå fint at Solstad åpner kjeften, så fjerner han all tvil (takk, Lincoln.)
Ja… vi kaster sten mens vi sitter i glasshus…
bare sjelden at vi ser det selv.
Hyggelig lesning!
Anne. Eg føler meg ikkje snill, berre nysgjerrig.
bandanders. Vonde sko og ingen å klage til er ille. Verkeleg ille. 😦
Tomas. Det må vere rart for ein folkesky mann å bli ein Viktig Kjendis.
Marina. Me kan teste dei. Det hadde blitt eit fins samfunn. Nokre til høgre, ut på fabrikken, nokre rett fram, inn i militæret. Og nokre få til venstre, dit sola skin over universiteta og ytringsfridomen rår.
Simen. Eg trur ikkje eingong Solstad påstår at han kjem med noko nytt her. Han freister vel heller å relansere ein fiin, gammal ide.
predikeren. No følte eg meg forstått. Takk.