Det har det vore. Klokka ti blei eg og ungane henta i båthamna av bror min, og så krusa me over fjorden til sommarhuset. Klokka åtte i kveld satte han oss av i båthamna igjen.
Highlights:
Ei fiskeørn sirkla over øya. Drit i om du har sett slike på tv. Du har sikkert sett dragar og orkar og spiderman på tv også. Ei fiskeørn som sirklar i store bogar, tek nokre slag med vingene og stig, for å sirkle igjen. Rett foran augene på meg. Det var magisk. Som svigerinna mi sa: Den er så stor at du føler den vil noko.
Me bada nakne. Ein etter ein sneik dei vaksne seg ned badetrappa og gleid ned i vatnet. Eg er ein frysepinn og badepyse, men dette var berre fint. På tide å sitere bror min: Det var reboot.
Ungane leika i stranda, fann krabber og bada. Glade born som berre treng tilsyn frå avstand, mens sola steiker på vaksne bikinikroppar. Kjekke born som det er hyggeleg å tusle bort til og oppdage strandreker og stikke fingeren i anemonar saman med.
Grilla fisk i pesto.
Turen over fjorden heim. Eg og fireåringen sat framme i daycruiseren, og betre kan det ikkje bli. Blå kvelving over, glitrande flate kring deg, og bølgane frå danskebåten midtvegs.
Ikkje nokon video. Berre Lou som syng om å vere glade saman.
Akkurat. Verda hadde ikkje gått under for meg om dørene vart spikra att hos L´Oreal. Det er slike dagar ein fortener.
Akkurat en sånn dag som man trenger innimellom alt annet.
Å så fint.
Bare. Fint.
😀
Nemleg. Lite å seie. Berre nyte.
Vakkert. Sånn skal det være 🙂
Vakkert beskrevet også 🙂
Å ja. Sånn kveld har jeg hatt etter jobben i dag. Minus barn, for det har jeg ikke. Men stort sett ellers. Jeg kjenner at jeg må anstrenge meg for ikke å anstrenge meg for mye for å nyte det. På en måte.
Berre vere til,- det er ein utfordring når ein kjem rett frå jobb.