• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: juni 2, 2008

Snart deadline, og nokon må døy

02 mandag jun 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 20 kommentarer

Det nærmar seg deadline. Noko så alvorleg. Og eg har mista evna til å skrive på pc. Kvar gong eg skal skrive noko her, på denne maskina, sitte på akkurat denne stolen og skrive, då blir det tull.

Heldigvis har eg gjenoppdaga evna til å skrive for hand. Det blir side opp og ned i den stygge, raude skriveblokka, med svart kulepenn frå Cubus. I blant blyant. Eg sit ute i sola og blir raud på nasen og skriv low-tech fantasy for hand. Det funkar. Føre inn på pc kan eg gjere neste veke. Eller noko.

Det nærmar seg også det avgjerande slaget. Eg er veldig bekymra. I synopsisen min har eg planlagt kven som skal døy og kven som skal leve. Men det er etterkvart lenge sidan. No har eg jo skrive så mykje om dei, blitt med dei gjennom scenane og lurt på korleis dei tenker og har det. Eg fulgt dei gjennom dialogar og høgtlesing og gjenskriving og sletta scenar og nye kapittel. Eg har vore på ritt gjennom skogar, segla over hav, sprunge forpusta nedetter åsen mens lukta av brann blir stadig sterkare. Eg har venta med hjarta i halsen på at det skal banke på døra, eg har slakta lam, tilberedt kaniner, eg har oppdaga svik og vennskap der eg ikkje trudde eg skulle finne det.

Eg er blitt så glad i dei alle saman.
Det blir vanskeleg å la nokon døy.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juni 2008
M T O T F L S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  
« mai   jul »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen