Eg er jo berre i dette skriveboblerommet inne i skallen min for tida, og ikkje heilt på bølgelengd med eigen blogg. Men då er det vel på sin plass å svare på spørsmål frå lesar.

Cassandra frå Belmotte-bloggen spør:

Jeg har ikke hengt med på bloggen din siden begynnelsen og det har vært perioder da jeg har hatt det for travelt til å følge med på alle bloggene jeg leser, så jeg lurte på om du har skrevet noe om hvordan du fikk kontakt med forlaget? (Hvor finner jeg det i så fall?) Og hvis ikke, leser jeg gjerne et innlegg om det. *legge inn ønske* Det er ikke ofte man hører om debutanter som får interesse fra forlag på uskrevet manus, så det ville vært artig å høre hvordan det gikk til.

Tja. Eg sendte først tjue sider som ein slags «smakebit» til Tiden, altså Det Fantasyvenlege Forlaget.

Svaret var at «dette kan bli interessant, men me kan ikkje vurdere før me ser meir.»

Så gjekk det eit lite halvår, og så sendte eg omlag 200 sider. Framleis ikkje ferdig manus, men nok mindre ferdig enn eg hadde trudd. Omlag samstundes inviterte Tiden meg til å delta på eit skriveseminar.
Det Venlege Forlaget lot ein ekstern konsulent og ein av sine eigne redaktørar lese. Og då var svaret at «dette kan bli bra, men du må jobbe med strukturen».

Så deltok eg på skriveseminar som handla om struktur, og deretter gjekk eg grundig til verks med omarbeiding av heile teksten utfrå kva eg hadde lært, kva eg hadde fått av tilbakemeldingar, og ikkje minst – kva eg hadde forstått måtte gjerast.

Etter ein månad sendte eg nyomskrive manus (framleis berre halve boka) tilbake til forlaget, og sidan blei det ein del telefonar og epostar fram og tilbake mellom meg og redaktøren.

Midt på våren kom plutseleg førespurnad frå forlaget om eg kunne skrive ei kort skildring av boka til Kulturrådet, slik at dei kunne søke meg til Innkjøpsordninga. Framleis hadde eg ingen kontrakt, og framleis venta eg på at det Venlege Forlaget skulle fortelle meg at «nei, no har me prøvd alt og vore uendeleg tålmodige, men dette bli ikkje bra nok til utgjeving».
Den telefonen kom aldri. I staden kom utkast til omslag. Men framleis ingen kontrakt.
Så kom invitasjon til å reise til Lillehammer litteraturfestival.
Og då tok eg mot til meg og ba om kontrakten. Så no er den underskrive, og har eg hellet med meg får eg forskot før sommarferien.

Men boka? Nei, den er framleis ikkje heilt ferdig.

Forfatterpalett: Brun på nasen, kvit på halsen, mørk under augene og eit lett plaga blikk før deadline.

Advertisements