• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: juni 10, 2008

Treng me verkeleg ei bok om jentesex?

10 tirsdag jun 2008

Posted by Avil in Kjønn, Litteratur

≈ 24 kommentarer

I ein diskusjon på Forfattarbloggen, der Jon Vogt fortvilar over å ikkje trenge gjennom forleggar- og mediemurane, der folk fjasar litt og eg flåsar litt, grip eg meg plutseleg i å heftig forsvare ei bok om jentesex.

Det var kan hende ein litt lang opningssetning, og eg veit ikkje om det kan kallast å aktualisere eit tema å nemne at eg har snakka om det før i dag. Men slik er det. Og eg kan ikkje heilt sleppe tanken.

Me treng denne boka om jentesex.

Kvifor det, tenker du kan hende. Er ikkje avisene meir eller mindre overfylte av sex? For ikkje å snakke om bokhandelhyllene? Og fins det eigentleg ein einaste uutforska flik av dette med jenter og sex som Google ikkje kan svare på?

Vel.

Slik snakkar avisene om sex:

Og slik ser jentesex på internettet ut:

Dette treng me ikkje meir av. Det kan me fort bli samde om.

Det me treng er ei motvekt. Ei motvekt til media sitt grafsete fokus på seksualisert vald, kvinner som objekt, unge  jenter som offer, kvinner som bør passe seg, bør slanke seg, bør vite korleis ein suger ein mann. Ei motvekt til eit bilete av unge jenter som er magre og storpuppa og sleiker kvarandre på puppene mens dei ser smektande rett på ein mann sitt blikk. Me har meir enn nok, me har bøttevis, hyllemetervis, makrogigasuperbytevis.

Det me treng er jenter sine eigne stemmer. Jenter og kvinner og gamle damer som snakkar ut frå sine heilt eigne, verkelege erfaringar. Me treng ei bok der naturlege kroppar og lyster kan få plass. Der det er heilt ekte, vanlege damer som er målgruppe. Ei bok om jentesex på jentene sine eigne premissar.

For me held på å drukne. Me druknar i falske bilete, konstruerte situasjonar, silikoninnsprøyta og photoshoppa bilete. Me druknar i pornografi, reklame og valdshistoriar.

Det er ikkje slik at me ikkje lærer av det me ser rundt oss. Tankane våre og ideane våre er forma av det me ser og opplever. Og eg ser sexspalter som konfirmerer det tradisjonelle, heterofile samlivet. Sexekspertar som rår til at kvinner bit tenna saman og ligg med mennene sine for å halde på dei. Eg ser råd om stearinlys og roleg musikk, og om å dele på oppvasken på førehand. Men kva i all verda skal ein eigentleg gjere i senga då? Og kva om ein er aleine? Kva er jenteseksualitet oppi alt dette?
Nei, vil ein ha grafisk informasjon er det berre å surfe. Nettet bugnar av saftig kjønnsaction. Og ved det grafiske og konkrete ser all realisme ut til å forsvinne.

Eg er så glad for at Ida Jackson og Maren Kristiane Solli vil gje det konkrete, alminnelge og realistiske jentesexlivet ei stemme. På eit vis føles det tvingande viktig. Det handlar om kropp og identitet, om lyst og kjensler og intimitet, om råderett over eige kjønn og over den delen av livet og samlivet som er limet når det andre blir trasig og keisamt. Det handlar om ein arena der kvinner kan komme til å oppleve seg som undertrykte ofre, der kvinner kan komme til å få dei verste mareritta i livet sitt. Og der dei kan komme til å vere nære, lukkelege og sterke.

Det må då vere viktig?

Britt-Åse redder meg frå meg sjølv

10 tirsdag jun 2008

Posted by Avil in Meme

≈ 3 kommentarer

Eit meme! Så deileg! Enkle reglar og oppgåver!

Dette er greia: Svare på spørsmål og tagge nokre nye. Eg har valgt å tagge folk eg veit lite om.

1. Kva gjorde du for 10 år sidan?
Då var eg ugift, barnlaus, budde i kollektiv i Danmark, og studerte psykologi.
2. Kva fem ting står på “gjere-lista” di i dag?
I morgon skal eg dette:

  • følge dottera mi til skulen og guttungen i barnehagen
  • gå heim og skrive
  • hente ungane og handle middag
  • sørge for at jentungen kjem seg i bursdag med fintøy på og gåve i pose
  • få ungane nokolunde glade, mette og reine i seng

3. Snacks eg likar (tillet meg å skrive ned det einaste snopet eg likar, sidan snacks er litt ekkelt)

  • svarte halslinser
  • gule fisherman’s friend
  • kvit sjokolade

4.Ting eg gjerne ville gjere om eg blei milliardær

  • betale ned alle lån, kjøpe leilighet i Oslo og ein eller annan varm stad
  • berre skrive resten av livet
  • sponse nokre miljøfremjande føretak
  • betale skatten min med glede
  • dele ut små, fislete og uforutsigbare stipend til kreti og pleti

5. Stader eg har budd

  • rekkehus
  • villa
  • kollektiv
  • stråhytte
  • leilighet

6. Desse folka vil jeg vite mer om

  • Carl Christian
  • Kay Olav
  • Havard
  • Tore

Nettbokshopping

10 tirsdag jun 2008

Posted by Avil in Lesarsørvis

≈ 13 kommentarer

Det har komme meg for øyra at fleire har bestilt Song for Eirabu allereie, sidan den kom på nettbokhandlarane i går. Eg har sjekka og ser at den er billegast hos Ark, i fall nokre av blogglesarane vil førehandstinge boka.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juni 2008
M T O T F L S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  
« mai   jul »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...