Eit meme! Så deileg! Enkle reglar og oppgåver!
Dette er greia: Svare på spørsmål og tagge nokre nye. Eg har valgt å tagge folk eg veit lite om.
1. Kva gjorde du for 10 år sidan?
Då var eg ugift, barnlaus, budde i kollektiv i Danmark, og studerte psykologi.
2. Kva fem ting står på “gjere-lista” di i dag?
I morgon skal eg dette:
- følge dottera mi til skulen og guttungen i barnehagen
- gå heim og skrive
- hente ungane og handle middag
- sørge for at jentungen kjem seg i bursdag med fintøy på og gåve i pose
- få ungane nokolunde glade, mette og reine i seng
3. Snacks eg likar (tillet meg å skrive ned det einaste snopet eg likar, sidan snacks er litt ekkelt)
- svarte halslinser
- gule fisherman’s friend
- kvit sjokolade
4.Ting eg gjerne ville gjere om eg blei milliardær
- betale ned alle lån, kjøpe leilighet i Oslo og ein eller annan varm stad
- berre skrive resten av livet
- sponse nokre miljøfremjande føretak
- betale skatten min med glede
- dele ut små, fislete og uforutsigbare stipend til kreti og pleti
5. Stader eg har budd
- rekkehus
- villa
- kollektiv
- stråhytte
- leilighet
6. Desse folka vil jeg vite mer om
Puh!
Sånn!
Takker for utfordringen, selv om jeg lurer på hvordan du fant meg og hvorfor du valgte meg, og i prinsippet ikke er over meg begeistret for slikt. Men det var jo litt morsomt også.
Ha en fortsatt god dag!
Prinsipp er til for å brytast, og eg fann deg på Sonitus.
Tilbaketråkk: Bloggoversikten » Blog Arkiv » Inflasjon