Jada, eg legg meg paddeflat. Eller Haga-flat som det snart heiter. Eg innrømmer det. Eg får lett andenaud og raudnar og skjelv ungpikeaktig (snart gammelkoneaktig) på hendene kvar gong han dukkar opp. Mutt, vanskeleg å prate med, heilt ute av stand til å flørte. Det er noko med slike menn. Og eg nektar å sjå han i nokon Hollywoodsminka, modelltryne-versjon.
Det fins berre ein mister Darcy for meg. Han kjem ikkje i nokon lettvint totimarsversjon. Han har ikkje trent på helsestudio med personleg trenar seks timar kvar dag med innlagte solariumspausar.
Og han ser i alle fall ikkje slik ut:
Ikkje ser han slik ut heller, bevare meg vel.
Det fins berre ein mr Darcy, og han krev at ein har seks timar til rådighet. Og det einaste ein får til slutt er eit kyss. Knapt nok eit kyss, i grunnen. Kan hende fins framleis det kysset berre i hovudet mitt. Det er eg veldig usikker på. Kan hende må eg sette av kvelden til BBC sin fjernsynsserieversjon av Stolthet og fordom. Berre for å sikre meg at det kysset verkeleg fins. Og for å bli andelaus og raudne og skjelve litt midtlivsaktig på hendene kvar gong han dukkar opp på skjermen.
Og eg skal ikkje snyte deg. Her kjem han opp frå vatnet.
Så kan no Dagbladet og historikarane og kven dei vil seie kva som helst. Eg held fast på mitt.
Øyh! Han der er vi flere om! 🙂
Kunne ikke vært mer enig. Jeg har BBC-versjonen og har sett den mange ganger.
Eit must i ei kvar kvinne sin heim.
Av erfaring vet jeg jo at når du anbefaler noe, så er det bra.
:knegg:
Er du spydig? Kva har eg anbefalt? *engsteleg*
Tiltredes! Han er perfekt i rollen, intet mindre.
Jeg, spydig?
Har du noen ganger sett meg spydig? *nesa i sky*
Du anbefalte en bok en gang. Som var veldig bra. Men nå har jeg glemt hvilken. Det er litt for mange gode bøker til at jeg greier å huske alle. *tåkehjerne*
Einig!
Du kuppa forøvrig innlegget eg hadde tenkt å skrive om det same Tom Lefroy-portrettet 🙂
Forresten:
http://flimre.blogspot.com/2008/02/stolthet-og-fordom.html
GAKK!!
Fnis, her let me oss ikkje dupere av teite fakta.
Han er helt skjønn!!
Hoho, Habben, du skal få sitte under pledd i sofaen min og sjå film og drikke mozell og ete sørlandschips. No blei du vel glad!
Høres ut som en date!! 🙂
Hrm, med tidens portrettkonvensjoner ble de litt mer Colin Firth-aktige ansiktstrekkene til menn vanligvis dempet ned ganske mye (notorisk eksempel: Shelley), saa det er godt mulig det er en rasende maskulin kjekkas som gjemmer seg under den miniatyren der. Dog er det nesten utenkelig at han har kunnet maale seg med Colin selv (tipper likevel han gruser den andre spirrevippen. Er svaert glad jeg aldri saa den filmen).
Nam nam nam.
Tusen takk. Colin er den eneste sanne Darcy. Litt usikker på hvordan jeg skal klare å rive meg vekk fra bloggen din nå. Mulig jeg bare blir sittende og se på det siste bildet der i hele natt.
Sonja: Det fins berre ei løysing og den varar i 6 timar.
Merethe: Yum yum yum. *etnisk*
Heidi: Bra forsøk og den beste konklusjonen.
Habben: *blar i kalenderen*
Eg seier meg samd med Habben. Eg likar Colin Firth.
Du og Habben.
Så hjertens enig.
Du er eit klokt menneske, Maren.