Eg skal altså flytte. Ikkje frå WordPress til Blogspot, er du gal. Nei, eg skal flytte frå huset mitt og tilbake til barndomsheimen. Jepp. Det huset eg budde i frå eg var ti til eg var atten år.
Foreldra mine har snart fått ut alle møblane sine, og når eg kjem tilbake frå ferie, så er det heilt tomt og nedvaska. Klart til innflytting.
Veldig rare greier.
Under oppryddinga fann eg nokre gamle kjærleiksbrev. Det vil seie, eg har knapt fått slike. Men eg fekk eingong eit postkort med ein pusekatt på, og litt av ein The Cure-tekst, og beskjed om at nydelege Petter ikkje ville sjå meg meir, av nokre oppgjevne årsaker. Eg fekk kortet i postkassa etter mormor døydde, før gravferda. Eg budde saman med mormor, og å miste henne var ein av dei Viktige Tingene som har skjedd i livet mitt. Postkortet låg saman med nokre kvitteringar frå hausten 1989.
Eg var der oppe i går. Inne i skapet på mitt gamle rom fann eg eit raudt ringbind med små bunkar papir stappa inn i plastlommer.
Ei novellesamling frå omlag 1991. Noko var lattervekkande, noko var meir velskrive. Frå den tida eg trudde eg kom til å gje ut mi første bok før eg blei tredve.
Brudekjolen min heng der oppe. Størrelse 36, og likevel justert og sydd inn to gonger før den Store Dagen.
Bygones.
Å, det er så rart å snuble over gamle brev, bilder og minner. Jeg har kasser fulle av alskens rusk fra fortiden, og en del av meg er fristet til kaste dem, bli kvitt hele fortiden, la bygones være bygones. Men så er det denne lille nostalgiske delen av meg som klamrer meg til gjenstandene og fortsetter å fylle huset med dem, som en kråke samler sølvpapir. Så fint å ha når jeg blir gammel … tenker jeg, og fortrenger den lille tanken som sier at ja, da kan jeg sitte i gyngestolen og tenke tilbake på tenåringsforelskelser som aldri munnet ut i mer enn en sjanse til å dumme seg ut, forkasta kjærester, brutte håp, svik, drømmer som forsvant i hverdagen, sorger, vemod, savn. ja, det skal bli kjekt det!
Gamleheim og portvin og kassar med minner. Eg trur det blir bra.
«Frå den tida eg trudde eg kom til å gje ut mi første bok før eg blei tredve.»
Åja, DEN tiden ja. Haha. Ha. HAHAHA.
…men jeg har i det minste en eske med kjærlighetsbrev, såh! Før fylte tredve! Kanskje jeg kan utgi dem.
Ole: Sårt punkt?