Opne.
Stova full av opne koffertar. Mannen sit og ser Discovery borte i sofaen, med ein tuborg. Han har jobba dei fleste vakne timar siste døgna, og har støvsugd bil og pakka sidan han tok ferie sist på ettermiddagen. I morgon reiser han og ungane. Eit døgn aleine, og så reiser eg og. På bordet ligg eit A3-ark med solsystemet teikna opp så nøyaktig som sjuåringen kan få det. Mønsteret på Jupiter og Tellus, asteroidebeltet, Mars, Merkur, Venus, Saturn med ringane, Uranus med glorie, Neptun, som sjølvsagt ikkje er ein måne for faen. Hårband frå Afrika, kjøpt på elevdagen på skulen. Eit stort fat med telys, ordna som ein sirkel med kors i. Lyskorset frå solhvervet. Ryggen verker, eg har slått plenen. Heile plenen. Og pakka det dei skal ta med for meg. Prøvd kjolar og sko, og funne mine elskede brune platåsko. Blitt for tynn til den kvite kjolen eg brukte i dåpen til yngstemann. Eller har berre ikkje ammepupper meir. Eventuelt.
Blunk.
Pust.
Skal du innom min by? Du har vel ikke kvarter til overs, vel? To mentolsigaretter og jabbe, jabbe, jabbe..?
No? *ringer*
Hadde du ringt hadde jeg hørt telefonen. Som lå oppe på badet… Meldinger bråker ikke så veldig. Jeg har et stort forbedringspotensial!
Er det harry om jeg syr en veske med omslaget på boken din til deg? Finnes det et heltferdigbilde? Et sitat også, kanskje..?
Det ville jo vore enormt stileg, lise!
Eg sender deg fluksens pdf-fil!
Veske med bokomslag dankar rått ut terningkast på armen.
Ja, det syns me. :knegg:
Nå er jeg blitt verdens treigeste og har ikke sittet foran pc-en siden i går, men jeg skal nesten fluksens sette i gang. Har du et sitat som kunne egne seg også? Kanskje jeg bare skal slenge på en sånn der sekserterning også. *synsk*
Kva med:
Ei i berget det blå
blod kan ein lite på
ei gjev hovet blod
ei er drotten tro
for blod kan ein lite på
Vergane tre vil vike
gudeborna svike
søstrene tre vil stå
for blod kan ein lite på
Ja, det var litt kult. Ingen tegn? Går det bra der borte i gokk?
Det går bra. No er eg blitt fotografert og greier.
Er du blitt stylet også?
Nei, eg måtte gjere det sjølv. Og så tok me alle bileta ute i vind og ver, sånn at tårene rann og sminken gjekk i oppløysing. Jammen bra eg ikkje hadde ordna meg på håret. Det var føkked frå før.
Jaja, det er gjerne like greit at du ikke har testet kjendistilværelsen før du har blitt kjendis på ordentlig.
Trur du kjendisar alltid er fine på håret? :angst: