Eg likar ikkje ferie, eg.

Det er keisamt og uproduktivt og eg taklar det berre sånn halvvegs.

Det er greit å ro ein tur, gå gjennom krattskog når det regnar, spise heimelaga is i ein svensk landsby, drikke vin med vener om kveldane og svømme femti lengder i bassenget før frukost.
Men eg saknar sju timar aleine med skriving, eg saknar stilla og roen i huset, eg saknar å vere aleine, tenke, skrive og sjå boka bli litt betre for kvar dag.

Eg vil heim.

Advertisements