Eg er for tida i ein svensk skog. Med meg har eg to bukser. Den eine er relativt passeleg, den andre har no alltid vore for stor. Den relativt passelege buksa hadde eg derfor på meg i nokre døgn, heilt til eg fall då eg litt eplekjekt skulle hoppe ned frå ein stor stein og underlaget viste seg å vere meir og anna enn buskar. Fin flenge i den passelege buksa, samt blå rose på låret. Derfor har eg no dassa rundt i ei bukse som er to nummer for stor. Heilt til den datt av meg. No er eg bukselaus. Heldigvis har eg ei kortbukse med. Myggen her oppfører seg merkeleg. Den bit seg fast overalt fleire timar før sola går ned. Helsing leggene mine. Men eg har ikkje sett verken bjørn, bever, elg eller ulv. Trass i at brosjyren lokka med alt saman rett rundt novene her. Kan hende myggen har skremt dei vekk. Eller bukselause damer.

Advertisements