Eg er framleis bukselaus, men no i pludrande omgjevnader. Alt rundt meg er nusseleg. Sjølv kyrkja i denne danske småbyen liknar ein slag hobbitkyrkje med bittesmå, turkise benker og prest i svart kjole, kvit krage og enorme gammalmannsøyrer som forkynner noko som liknar zenaktig trollmannsreligion. Om ikkje anna kan eg trippe rundt i høge, raude hælar og kort, grå kjole utan å falle over steinar og ville dyr. Vertskapet har mosegrisar og ponnyar i hagen, og sistnevnte ser berre unaturlege ut. Ekle, små dverghesteføter under nesten normale kroppar og svære hovud og halar. Dei kjem trippande mot meg og blir presentert som Cirkeline og Bunny, og eg smiler stivt og lyg høfleg. Blåmerket er ved å forsvinne, og om tre dagar får eg komme heim.
Bukselaus i dansk småby
14 mandag jul 2008
Posted Uncategorized
in
Eg frydar meg når eg les om dine bukselause feriedagar og ser med lengt fram mot mine eigne feriedagar som forhåpentlegvis ikkje vert like bukselause men like fine 🙂
Mosegriser. Hm.
Smaker mosegriser godt?
Det høres skikkelig stilig ut med høye, røde hæler og kort, grå kjole.
Jeg unner deg å komme hjem igjen. Virkelig.
Yo, Avil. Liten digresjon her nå: Du vet ikke tilfeldigvis hvorvidt hele Tiden er på ferie for tiden(!), og når de evt. kommer tilbake på jobb?
Mvh,
en kollega
Richard er kanskje på Stord, Kjetil skal begynne første august, dei andre redaktørane veit eg ikkje, men Ragna K som er presseansvarleg svarte på¨epost i dag.
Uansett kan ein sikkert få tak i folk flest på mobil om det hastar.
Tiden på ferie? Vel, den er gjerne lei av å gå. Selv om den går veldig, veldig sakte for meg disse dager.
Ahaha.
Bukselaus ferie høres ikke så ille ut, til tross for ekle dverghestføtter.
Jeg tror jeg skal flytte til California bukseløs.
Takk for svar!
Eg siktar mot å glede.