• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: juli 27, 2008

Her er hjarta mitt

27 søndag jul 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 17 kommentarer

Det fins planter som blømer kvart tiande år, og det fins planter som berre blømer ein gong før dei døyr. Nokre av desse blomane er vakre, men det betyr ikkje noko. Det viktigaste er den natta du veit den skal bløme, og du sit med termosen din i veksthuset og ser kronblada opne seg. Berre du og vatningsanlegget og nokre av sommarfuglane er vakne. Dei spraglete vaktlane søv under fuktige blad, og sjølv mauren du aldri blir kvitt ser ut til å sove. Det er ikkje viktig om blomen er vakker, men det er viktig du er der. Ser den, den eine gongen den enorme stengelen får bere ein blom. At det er eit vitne, den eine gongen planten får vise fram kjønnet sitt, prakten sin, hjarta sitt.

Vil du sjå hjarta mitt?

Det er ope no, på gløtt berre, i ferd med å lukke seg.
Det er raudt og det bankar. Kan hende ikkje så vakkert, ikkje særskilt eller spektakulært på noko vis. Men det er her, synleg berre no. Ein liten glimt, om du ser godt etter: Raudt, blodig, og det luktar rått. Rett innanfor den pumpande muskelen er det ein drage. Ein krafsande drage, med klør og hale, og vengjer som er skinn og bein. Den rører seg no, men ikkje så lenge. Snart vil den kvile, slumre, kan hende sovne for godt. Den er forvirra av lyset, av luktene frå verda utanfor, det er derfor den rører på seg. For brystkassa mi er flådd open, hjarta er vakent, og det pumpar rett innanfor rivna så du kan sjå det.

Eg ville berre seie det, for det er snart borte, lukka og gøymt, og ingen har sett på det. Det har ikkje vore noko vitne, denne eine gongen det var blotta. Eg ville berre nokon, ein eller annan, skulle sjå. Før eg faldar armane skamfullt kring bringa og let flenga gro att.

God fantasy

27 søndag jul 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Lesarsørvis, Litteratur

≈ 8 kommentarer

Ein dansk venn har sendt meg ei liste over fantasybøker han meiner held høg litterær kvalitet. Eg er grei og deler lista med dykk. God leselyst!

Lois McMaster Bujold: Curse of Chalion og Paladin of Souls.

Orson Scott Card: Prentice Alvin, Red Prophet og Seventh Son.

Glen Cook: Hele serien om the Black Company – de første tre er The Black Company, Shadows Linger og The White Rose – Über-lejesoldater i en dark goth verden oppe mod supermagikere – en klassiker.

Stephen Donaldson: First og Second Chronicles of Thomas Covenant – den ultimative antihelt i fantasy. Har også skrevet en anden serie – Mordants Need – bestående af A Man Rides Through og The Mirror of her Dreams

Steven Erikson: Serien Malazan Book of the Fallen – første bog hedder Gardens of the Moon og serien kommer ialt til at omfatte ti bøger á ca. 700-800 sider hver – der er hidtil kommet otte. Bøgerne har et ret unikt take på magi og guder og et persongalleri så stort og forvirrende som Tolstoj. De er uhyre velskrevede og bare fede på en udefinerbar måde.

Robert Howard: Conan bøgerne – forgængeren til al heroisk fantasy.

Guy Gavriel Kay: Især A song for Arbonne, Sailing to Sarentum og Lord of Emperors.

George R. Martin: A song of Ice and Fire serien – Superfed serie som dog ikke er afsluttet og som han tager sin tid om. Meget ægte middelalder stemning – brutale og blottet for sentimentalitet.

Michael Moorcock: Fed forfatter – prøv at starte med serien om Elric of Melnibone eller evt. The Eternal Champion, History of the Runestaff eller The Swords of Corum. Hans bøger har sådan en eller anden ubestemmelig blanding af 70’er hippie, goth og total dekadence kørende – meget stilistisk.

T.H. White: The Once and Future King – af mange regnet som den ultimative og klassiske udgave af Arthur legenderne.

Robert Zelazny: Nine Princes in Amber – serie af ti korte romaner som må regnes blandt klassikerne inden for fantasy.

Mervyn Peake: Gormenghast Trilogien – noget af det eneste fantasy der har opnået status som litterær klassiker.

Og hvis du ind i mellem skulle få lyst til et godt grin hvor der også er et nutidigt twist og en ny optik på velkendte problemstillinger kan du jo gå igang med Terry Pratchett – hans Discworld serie er vist oppe på ca. 30 romaner efterhånden.
Og hvis du så lige skulle have lyst til noget horror der lader folk som Stephen King langt bagefter kan du jo prøve H.P. Lovecraft – hav dog en god engelsk/norsk ordbog ved hånden.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

juli 2008
M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
« jun   aug »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen