• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: september 2008

Kontornytt

30 tirsdag sep 2008

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess

≈ 10 kommentarer

Hei. Eg sit no her og dinglar med filttøflane og skal ikkje blogge. Derfor blir det berre litt RL-dokumentar frå her og no på kontoret mitt.

Te og kamferdrops. Og favorittboka mi: Engelsk-nynorsk-ordlista.

Meir kamferdrops der dei kjem frå.

Ei snikaktig og dropsetande dame som har slutta å jobbe for å skrive bok. Men som altså et drops og fotograferer teen sin istaden.

Ungane likar seg godt her på kontoret. Litt hemmeleg, eit rom der mamma har sine eigne ting og gjer ein jobb som dei ikkje får forstyrre. Men me kan lese bøker her inne etter tannpussen. Roald Dahl sin Heksene byrja me på i går, for tredje gong.

Den hemmelege bloggen

28 søndag sep 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 10 kommentarer

Bandanders har ein nesten heilt hemmeleg blogg. Rart, eigentleg. Det gjer noko med meg å komme inn dit. Bileta, forteljingane hans frå sauefjøset, knappe anekdotar frå ein kvardag som gjev ro i sjela. Eg elskar bloggen hans, og det den gjer med meg. I dag vil eg gjerne dele den med dykk.

Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har gjort det før. Den er som ein hemmeleg stad der det veks kantareller eller kusymre, og eg har vore gniten. Men det blir ikkje færre kantareller eller kusymre på meg om du også får kvile deg litt inne hos bandanders. Og kan hende du også vil merke det: At du nynnar etter å ha vore der inne.

Bandanders sin blogg.

Fagre nye verd: To skjermar

28 søndag sep 2008

Posted by Avil in Kontornytt

≈ 21 kommentarer

No er laptopen kopla til ein ekstra skjerm og eit skikkeleg tastatur. Eg kan dra vindauga frå ein skjerm til ein annan med musa, og har dermed plass til å ha Wikipedia, Nynorskordlista til UiO og tekstdokumentet ope og synleg samstundes. Kan hende gamalt nytt for deg, men for meg er det heilt fantastisk. Og ein får jo akutt lyst på endå fleire skjermar. For ikkje å snakke om eit heilt rom med skjermar som er styrt med hendene og som kan sjå inn i framtida. Så lenge Tom Cruise held seg borte, sjølvsagt.

Ut av skapet

27 lørdag sep 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 28 kommentarer

Jah, så er døypenamnet mitt festa til bloggen. Det har no lenge vore slik at ein ikkje trong vere rakettforskar (eller romingeniør) for å finne ut at eg var meg. Ikkje har eg nokonsinne tenkt at nick var ei særleg hemmeleg greie heller, eg brukte jo same nicket overalt og heile tida og var jo meg. Men det var no likevel litt rart å hekte namnet mitt til nicket her.

Eg er ikkje akkurat den første. Bloggosfæren er stappande full av bloggar med døypenamn og telefonnummer og full adresse. Men trenden ser ut til å vere at det mest er folk på min alder som kjem ut av skapet. Mest fordi det er oss gamlingar på nett som har vore der inne i første omgang.

Folk som er omlag tjue år yngre enn meg er omlag like mykje på nett som meg. Men dei er på andre arenaer, saman med RL-vener og nettfolk litt om einanna, og reknar det som aldeles normalt å vere tilstades som seg sjølv. For dei som er vakse opp med nettet er det like lite mytisk som telefonar. Faktisk er sjølv mobiltelefonar bittelitt mytiske for oss, sidan me vaks opp med fasttelefon på eige bord i gangen og ledningar i veggen og runde skiver der ein måtte vente med å slå inn neste siffer.

Anonyme ytringar på nett forsvinn kan hende etterkvart som den oppveksande generasjonen tek over heile greia. Dei vil neppe ta slike nickfolk som oss seriøst i lengden. Like greit å komme ut av skapet.

knuthjeltnessomslank, kom her og ver

27 lørdag sep 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 13 kommentarer

Eg har freista gjentekne gonger å logge meg på hos Forfatterbloggen. Eg har ein blogg der, nemleg. Brukarnamn har eg, og eit passord som eg fekk etter å ha etterlyst det ei tid. Men det går ikkje. Eg kjem ikkje inn. Derfor kan eg ikkje etterlyse favoritten min der inne.
Men eg kan jo etterlyse han her ute. Kan hende finn han meg?

knuthjeltnessomslank, eg saknar deg. Kom hit, kom til bloggen min, kom og hiss deg opp eller krangle med meg om eit eller anna. Du er så fin. Eg vil ha deg. Eg vil ha deg i kommentarfeltet mitt. Kom.

Medbu-quiz: Barn eller syrehovud – fasit

26 fredag sep 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 15 kommentarer

Her er fasiten på kva situasjonar som var henta frå kvardagen med fireårig gut, og kva som er historiar frå tida med vaksne universitetsstudentar med lauseleg forhold til illegale rusmiddel.
Eg har merka rett svar med grønt og feil svar med raudt.

1. Når du klipper neglene står vedkommande og stirrer intenst på hendene dine gjennom eit forstørrelsesglas.

a) barn
eller
b) syrehovud?

2. Du vaknar klokka fire om natta av at vedkommande ligg i gangen og græt over at han ikkje kan finne supermannpysjen sin.

a) barn
eller
b) syrehovud?

3. Vedkommande et ingenting til middag, fordi han er for oppteken med å fortelje deg korleis det påverkar Yoda å bruke Krafta for ofte.

a) barn
eller
b) syrehovud?

4. Når du går i butikken med vedkommande, kan han bli ståande foran hyllene med godteri i ein halv time utan å seie noko, før han raskt riv til seg ein slikkepinn og stirrar triumferande på deg.

a) barn
eller
b) syrehovud?

5. Når slikkepinnen skal betalast for, held vedkommande fram alle myntane han har og let kassedama plukke ut ein høveleg mengd penger.

a) barn
eller
b) syrehovud?

6. Toalettet er oppteke i tre kvarter. Når du endeleg slepp til kan du sjå at alle toalettrullane har vore rulla heilt ut og er blitt rulla så godt som mogleg pent tilbake på rullekjernane.

a) barn
eller
b) syrehovud?

7. Du tenner stearinlys i stova. Vedkommande insisterer på at dei bør stillast inn i peisen, og gnistfangaren skal trekkast for, grunna brannfare.

a) barn
eller
b) syrehovud?

8. Du roper at det er kveldsmat, og vedkommande kjem til bords iført laken og spyd, og tviheld på ein plastboks med lok som han nektar å skille seg av med.

a) barn
eller
b) syrehovud?

Konkurranseinstinktet: Bikkja som blir sparka mest

26 fredag sep 2008

Posted by Avil in Filosofi, Fint og flott, Fordi eg fortener det, fuck the system

≈ 36 kommentarer

Av personlege eigenskapar eg verdset er konkurranseinstinktet høgt oppe på lista. Mi liste, vel å merke. Av ein eller annan grunn ser folk flest dette som ein dårleg eigenskap, noko ein bør skamme seg over, undertrykke eller skjule ved seg sjølv.

Mirakel skriv: «Og plutselig var det viktig for meg å ikke bare være nominert, men å komme på grei plassering blant de nominerte. Det var i grunn en ny (og ikke kjempe attraktiv) side av meg selv. Jeg som alltid har skrytt av at jeg er den type jente som er fornøyd når det blir uavgjort. Jeg mener alle kan føle seg som vinnere da.»

Eg skjønar ikkje dette. Alt snakket om å tape og vinne med same sinn, at det viktigaste er å delta. Konkurranseinstinktet handlar om entusiasme og engasjement. Det handlar om å bli gripe av ein lyst til å yte sitt ypperste, gje på og kaste seg etter ballen med risiko for varige kneskader. Det handlar om å la seg begeistre, å leike med fullt alvor, det handlar om å vere tilstades i det ein gjer. Det handlar om å vere ivrig, og om å knalle på med alt ein har å by på.

Konkurranseinstinktet er for meg ein rå drivkraft, ei dør frå det dølle vaksenlivet som ein kan sparke opp, og lyset flaumer inn og overstråler alt. Konkurranseinstinktet er eit magisk ormehol, rett inn i ekstatisk og barnleg lukkeland, der ein innbitt og rasande kan kjase seg heilt ut og utmatta ligge i mål og smile fårete. Konkurranseinstinktet løftar meg ut av høfleg måtehald og stiv keisemd.

Konkurranseinstinktet er det motsette av konvensjonar, dårleg sjølvtillit, og rutinar. Det nullar ut alt slikt med eit trylleslag, og gjer deg til eit levande, kjempande, ekte menneskebarn.

Eg forstår ikkje kvifor det er dårleg.
Kva kan vere dårleg med å vere engasjert og ville yte alt ein har?
Kva kan vere dårleg med å ville meistre og komme seg fram?
Kva kan vere dårleg med den raudkinna gleda ved å springe forbi nokon?

Eg ser konkurranseinstinktet blir kokt saman med ein del andre omgrep til ein giftig graut. Elitisme, til dømes. At nokon er «betre enn andre», i tydinga «nokon andre er verdilause» og «ein har ikkje respekt for kvarandre». Vel. Nokon er betre enn andre til alt. Nokon er betre enn meg til alle ting eg gjer, på kvart einaste område eg driv med noko, vil det alltid vere nokon der ute i verda som kunne gjere det betre.
Og utan entusiasmen, arbeidsgleda og sjølvtilliten ville eg sige saman. Synke ned i sofaen med fjernkontrollen og sitte der og surve. Klage over politikarane og kjendisane og forfattarane og idrettsfolka, utan å delta, utan å by på noko som helst anna sjølv.

Men det gjer eg ikkje. Takka vere konkurranseinstinktet, og alle dei nære slektningane engasjement, entusiasme, iver og begeistring.

Eg er lukkeleg over å ha konkurranseinstinktet mitt. Lukkeleg over å hovudlaust kaste meg ut i ting som eg neppe kan vinne eller gjere best, berre fordi eg blir gripen av ein ubendig trang til å delta, yte og gje alt eg har. Det gjer livet mitt godt. Det gjev meg lykkestunder og levande smerte, og det fører til at eg reint faktisk får gjort noko.

Konkurranseinstinktet er ikkje berre bikkja som blir sparka mest. Det er også den mest fantastiske bikkja som er. Etter hån og mishandling løftar den hovudet, og får brått auge på den raude ballen. Utan å ense smertene sprett konkurranseinstinktet opp og spring så fort den kan, blødande og på halte bein, rett mot den raude kula. Konkurranseinstinktet gjev på, halsar mot målet og med eit byks landar den med begge forpotane og grip den raude ballen med kjeften, løftar hovudet og ser seg lukkeleg rundt. «Sjå, alle saman! Hah! Eg fekk den!» jublar konkurranseinstinktet. Og så kan dei sjølvgode og reserverte sitte i kvar sin sofa, utan ømme lemmer og arr, og ryste på hovudet og seie «tsk, tsk, eg deltar ikkje, for alle er like gode.» Yeah right. Men konkurranseinstinktet fekk den raude ballen!

Medbuar-quiz: Barn eller syrehovud?

25 torsdag sep 2008

Posted by Avil in Lesarsørvis

≈ 21 kommentarer

Kan ein verkeleg vere i tvil om ein bur saman med ein fire år gammal gut eller ein LSD-brukar i tjueåra?  Her er eit knippe situasjonar der du får testa kor god du er til å avdekke tvilstilfelle.

1. Når du klipper neglene står vedkommande og stirrer intenst på hendene dine gjennom eit forstørrelsesglas.

a) barn
eller
b) syrehovud?

2. Du vaknar klokka fire om natta av at vedkommande ligg i gangen og græt over at han ikkje kan finne supermannpysjen sin.

a) barn
eller
b) syrehovud?

3. Vedkommande et ingenting til middag, fordi han er for oppteken med å fortelje deg korleis det påverkar Yoda å bruke Krafta for ofte.

a) barn
eller
b) syrehovud?

4. Når du går i butikken med vedkommande, kan han bli ståande foran hyllene med godteri i ein halv time utan å seie noko, før han raskt riv til seg ein slikkepinn og stirrar triumferande på deg.

a) barn
eller
b) syrehovud?

5. Når slikkepinnen skal betalast for, held vedkommande fram alle myntane han har og let kassedama plukke ut ein høveleg mengd penger.

a) barn
eller
b) syrehovud?

6. Toalettet er oppteke i tre kvarter. Når du endeleg slepp til kan du sjå at alle toalettrullane har vore rulla heilt ut og er blitt rulla så godt som mogleg pent tilbake på rullekjernane.

a) barn
eller
b) syrehovud?

7. Du tenner stearinlys i stova. Vedkommande insisterer på at dei bør stillast inn i peisen, og gnistfangaren skal trekkast for, grunna brannfare.

a) barn
eller
b) syrehovud?

8. Du roper at det er kveldsmat, og vedkommande kjem til bords iført laken og spyd, og tviheld på ein plastboks med lok som han nektar å skille seg av med.

a) barn
eller
b) syrehovud?

Merk: Dette er nokre situasjonar som er henta frå kvardagen med fireåring, andre frå kvardagen i kollektiv på nittitalet.

Fasiten kjem i dag, fredag 26.09.08 klokka 15.00.

Kroppen

25 torsdag sep 2008

Posted by Avil in Teikning

≈ 15 kommentarer

Jentungen (7) skriv bok. Den skal handle om kroppen hennar, korleis den virkar og kva som er inni. Ho illustrerer sjølv.

Slik går no dagane

25 torsdag sep 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

«Hvorfor er du så grønn i ansiktet da, Drømmeprinsen?» spør Politimannen. «Har du tatt Pulverheksa sitt pulver?»
«Nei, jeg har på meg en grønn agurkmaske, jeg,» svarer Drømmeprinsen og skjønner ingenting.
«Agurkmaske?» spør Politimannen. «Hvorfor i all verden har du noe sånt på ansiktet?»
«Jo, for jeg blir så mye penere når jeg tar den av,» svarer Drømmeprinsen og er litt flau.
«Ja, det blir du sikkert, for du var jammen ikke pen nå,» sier Politimannen og går videre.

– Fra Pulverheksa redder tyven av Ingunn Aamodt

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

september 2008
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
« aug   okt »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...