Eg har framleis ikkje nett. No er det sju veker sidan dei der folka som skulle legge inn fiberoptisk kabel sa at me garantert hadde nett innan fire veker. Montørar meg opp i rumpa. Ikkje har me fjernsyn heller.

Så eg har låst meg inn hos mor mi, midt i arbeidstida, for å snike meg på nett. Jammen meg hadde eg fått epostar og svar på bloggen og slikt. Bloggosfæren går også sin gang utan meg, ser eg.

Eg driv altså med RL for tida. Det vil seie at eg les bøker, malar vegger og lerret, trenar, dansar på kjøkenet mens eg lagar mat, står på sidelinja og brølar unyttige ting mens jentungen spelar fotball, og så skriv eg bok. Bøker. Noko slikt.
RL er slitsamt for kroppen, eg har ofte litt vondt i mage, lår, rygg og armar når eg legg meg om kvelden. For ei stund sidan måtte eg ta to paracet midt på natta for å få sove vidare. Den dagen hadde eg tatt 600 situps, og det var eg visst ikkje heilt i form til.

I RL er det så mykje rart. Trær og blomar og regn og flymotorar og slikt. Fotograf Paal Audestad har tatt bilete av meg foran ein flymotor. Slikt skjer sjeldan i bloggosfæren.


Ein annan rar ting med RL er at ein ikkje blir så engasjert. Altså, om ein verken har internett eller tv, og i tillegg skjermar seg mot å lese aviser utanom laurdagen. Då er det lite å hisse seg opp over. Denne veka har eg vore på foreldremøte og der engasjerte eg meg visst i at jentene må få litt hjelp av dei vaksne til å erobre ballbingen på SFO. Men så var det liksom sagt, og andre nikka og sa at det var lurt, og så var me ferdige. Ikkje noko med å lage ein lang bloggpost om at me brukar likestillinga som sovepute og let alt mogleg i kvardagen skure og gå fordi «no burde det vere i orden». Ikkje noko med å løfte problemstillinga opp til eit skingrande stemmeleie der ein kan trekke parallellar til skamfulle kvinner som ikkje tør fortelle venninnene sine at dei gjer alt husarbeidet, for «det skulle jo vere i orden». Ikkje noko med å etterlyse samhald og solidaritet og søsterskap og fakkeltog.

I RL kan ein nemleg henvende seg direkte til dei det gjeld, og løyse konkrete problem utan større armrørsler. Veldig rart opplegg.

Ein annan ting med RL er at det er veldig prega av 3D + 1. Ein går liksom rundt i det heile tida, og tida går samstundes. Og då virkar det ofte som om ein treng musikk.

Så her er eit knippe ting ein kan lytte til medan ein går rundt i Real Life 3D og gjer på ting:

1. Du kan danse litt på kjøkenet mens du lagar salsa.

Du hiv ein boks hakka tomatar i ein sil, så det får renne av mens du lagar til resten.
Hakk ein halv lauk (eller ein sjalottlauk) i småstykker.
Klask eit kvitlauksfedd flatt under den kulaste kniven du har, og hakk i smått.
Ein grønn chili blir flensa og flådd og hakka i smått.
No kan du hive lauk, chili og tomat i ei bolle, og oppi der har du to spiseskeier honning, safta frå ein halv lime, og omlag to spiseskeier hakka, frisk koriander.
Bland og server.
Veldig godt tilbehør til for eksempel omelett med mais, bønner og cheddar.

Soundtrack:

2. Du kan hate med Kent.

Om du klør deg i auga med chilifingre, kan du høyre på Kent og synge med og hate verda.

3. Du kan male og grine ein skvett.

For mens ein malar vinduskarmer kan ein høyre på Maria Mena veldig høgt og synge med, mens ein grin litt sånn for seg sjølv utan at nokon ser det.

Då må eg gå ut i regnet igjen. Det er så mykje der ute eg må gjere før eg får nett igjen.

Advertisements