Hurra! Verdas kulaste maskin blei starta for ein halv time sidan, eg håpar intenst på bittelite svart hol, og eg har internett!
Hurra, hurra, hurra!
Kjem tilbake seinare i dag med skikkeleg bloggpost, no skal eg skylle ut hårfarge og barbere legger. Og eg har noko fint å snakke om snart, for eg har lese dei første tjue sidene av ei bok som er den beste lesaropplevinga eg har hatt sidan Carl Frode Tiller. Aina Basso skal faen meg rote det til i resten av boka om Ingen må vite ikkje skal vere årets beste bok.
Kjekt å sjå deg attende! Me skal følja deg me argusaugo, her frå brekko 🙂
Sånne nysgjerrige naboar har eg alltid ønska meg. Eg syns du skal skaffe deg lorgnett og rasle med kjøkenpersiennene kvar gong eg går forbi, lars. Så kan eg til gjengjeld overvake deg frå do, når du går forbi med hunden. «Nei, sjå der er han ute og går, han lars, du» skal eg rope inn til ektefellen, og så kjem han stormande ut på do og kikker saman med meg. Hahaha!
Lenge leve Internett!
Det var søren meg på tide.
Steike! Her var det mykje kjekt på ein gong!
Og du, vi skal på Falturiltu saman!
Korleis ligg det an med boka di, då? Det vil eg høyre om!
Ikke hatt nett??? Lurte jo litt på hvor du hadde blitt av.. *S*
lise: Internett ruler.
lindamac: Endeleg nær og virtuell!
Aina: Skal me? Hurra! Eg håper å vere heilt ferdig til dess, eller det vil seie, eg håper å vere ferdig ein månad før eigentleg.
Bokslepp i februar. Dette med barne- og ungdomsbok = ikkje rekna som debutant, kva er det for noko greier? Kven bestemmer? Aftenposten? Kulturrådet? Forfatterforeninga? Er det slik at dersom boka di er søkt inn til innkjøpsordninga som ungdomsbok, blir du automatisk ikkje debutant, liksom? Blir du ikkje invitert til Lillehammer litteraturfestival, då? Som debutant, altså? Eg er djupt foruroliga og forvirra.
Frida: Fnis. Trudde du eg var tatt av sjølvdisiplinen?
Ja, blir ikkje det vel kjekt!?
Jaudå, klart ein er skikkeleg debutant, likevel. I alle andre sine auge enn Aftenposten, iallfall!
Men ver førebudd på litt mindre merksemd enn det vaksenbokdebutantane får i dei store avisene. Men pytt sann pål, det er det jo ingen som får med seg, likevel 😉 Iallfall er det gløymt to dagar seinare.
Det blir ungdomsbok på deg også, altså? Kjekt! Gler meg til å lese, eg!
Eg tenker at boka di bør lesast av vaksne. Språket ditt er så godt at det stinkar nordisk råds litteraturpris lang veg, om du held fram slik som dette og løftar deg med kvar bok frametter.
Bra at ungdom får gode bøker mellom hendene, men det du leverer er verdt å lese for alle.
Song for Eirabu er søkt inn som ungdomsbok til innkjøpsordninga, men eg har ikkje tenkt på ungdom mens eg skreiv. Eg har ikkje spart på noko, for å seie det slik. Og det har visst ikkje du heller. *knegg*
Hårre steike!
Ok, no blei eg litt brydd og veldig glad! Tusen takk for at du har så høge tankar om meg, vi får vere glade ikkje alle har det, elles kunne eg fort blitt høy på peren, som dei seier i Bergen.
Men du – heiter ikkje boka Aftansong… likevel?
Eg tenkte jo også boka mi først for vaksne, men så kjendest det etter kvart lurt å rette mot unge sidan hovudpersonen er ung. Men det er no kjekt viss det kan vere ei bok som funkar for begge målgruppene! Det trur eg di òg vil gjere, og eg trur det er smart å ha ungdom (òg) som målgruppe når du skriv fantasy.
Det er no igrunnen stort sett det dei les, for tida.
Sånn litt apropos målgruppe: Når eg tenker på kva eg sjølv las då eg var tretten, fjorten og femten, virkar det absurd å by dei masseprodusert og enkel litteratur. Hadde det ikkje vore for puberteten hadde eg neppe komme meg gjennom klassikarane. Eg las meg gjennom alt frå Dickens til Bjørneboe, til augene var raude og eg sovna i timane på skulen.
😀
Velkommen tilbake, det var på tide!
Men, kommer ikke boka di før i februar? Var det ikke okt/nov?
Fint å se deg på nett igjen.
Jeg ønsker deg velkommen tilbake med en award som ligger inne hos meg 🙂
Britt Åse: Takk! Og ting tek tid.
Synline: Åh! Prisutdeling! *iler*