Eg har vore i overkant kjenslevár denne sommaren. No har eg pakka meg inn igjen. Litt eller mykje, eg veit ikkje heilt. Eg likar å styre livet mitt med hovudet, og då kan eg ikkje gå rundt med hjarta i hendene og nervene subbande i bakken etter meg som manettrådar.

Det er berre ingenting som heiter gratis lønsj, og no har eg sett på kostnadene. Sterke kjensler og så pakke dei inn i ein kokong av bobleplast? Prisen er at eg ikkje kan skrive. Så no må eg vikle meg litt ut av boblekokongen igjen, sjå kva eg tåler, sjå kva eg maktar.

Skrive bok er ti prosent talent og nitti prosent hardt arbeid. Fiks på brøken etter smak og erfaring, men folk pleier jo seie slikt. Og sjølv om folk flest er idiotar hender det dei har rett.

Det er berre at hardt arbeid ikkje er nok. Dei siste ti prosenta må også vere der. Talent, tja. Veit ikkje heilt. Men drivkraft, kjensler, engasjement, vilje til å gje på. Viljen og evnen til å bruke alt ein har for å få det til. Går ikkje i boblekokong, altså. Vikle, vikle. Ut igjen.

Det har løsna litt no, då. Eg har skrive meir denne veka.

Advertisements