Eg har flytta inn i eit anna hus. Nytt liv, nytt hus, ny start. Eg skal bli handy. Gjere ting som eg ikkje kan. Eg skal også ha mitt heilt eige kontor, ein stad der eg berre skal skrive. Det skal malast og innreiast med framleis flatpakka møblar.

For å nyte resultatet dokumenterer eg med før-bilete.

Eg har varma opp med å male rommet til guttungen. Han har fått turkis rom med fisk og romskip. Eg og han er omlag like nøgde.

Her har riddarar og dragar utkjempa store slag siste veka:

Og så har eg bestemt meg for at damer på nesten førti godt kan gå i minikjole.

Og i same slengen fekk de sjå det blå vegg-til-vegg-teppet på soverommet. Eg går ut frå alle spring ut og kjøper likt.

No skal eg kjøpe meir maskeringstape, seks liter veggmaling, ferske reker og frøbrød, og så skal eg skrive eit kapittel.

Var ikkje dette uhorveleg spanande?

Reklamer