Eg og ektefellen har bestemt å skru opp Tilsammansfaktoren i familien. Derfor har me i dag halde husmøte, slik me vaksne har vore vant med frå våre mange år i danske kollektiv. Ungane deltok med stort alvor, og hadde viktige punkt til dagsordenen.

Eg klypper frå Husmøteboka:

Punkt 2: Jentungen (7) tek opp dette med å få snakke ferdig etter ein har vore sutrete. Det hender at ein først er sutrete og då blir dei vaksne irriterte. Når ein då etterpå har tatt seg saman og vil seie noko utan å sutre, hender det at dei vaksne ikkje vil høyre.

Løysingsforslag: Ein kan snakke tydeleg med vanleg stemme (barnet sitt ansvar) og den andre kan høyre etter før ein seier at «det er nok no» (den vaksne sitt ansvar).

Punkt 3: Guttungen (4) fortel at det hender dei vaksne seier at no må han vere stille, og så snakkar dei vaksne så mykje at han må halde seg for øyrene.

Løysingsforslag: Ein kan seie «de sa eg skulle vere stille og så bråkar de sjølv», og så kan det hende ein får ei forklaring eller ei unnskuldning.

Etter humøtet var me i skogen og plukka sopp. No kokar eg graut. Pur idyll.

Advertisements