• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: september 15, 2008

Me gjer lekser

15 mandag sep 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 24 kommentarer

Overoppsynsgudmora til jentungen (7), altså mor mi, er i Spania. Derfor nyttar eg høvet til å stramme opp skillelinjene mellom forskning og diktning.

Me gjer lekser. Det vil seie at jentungen skriv femtal så fint ho kan, mens eg motiverar.

Jentungen: Kvifor treng eg eigentleg kunne skrive femtalet så innmari fint?
Eg: Når du blir vaksen vil du kan hende ha 5000 kroner for ein jobb du har gjort, men så skriv du rekninga så grisestygt at kunden trur det står 3000. Då får du 2000 kroner for lite.
Jentungen: Men kan dei ikkje berre lære meg det i sjuande klasse då? Eg skal ikkje tene pengar før det likevel.
Eg: Du skal lære mange gøyale ting før sjuande klasse, men dei krev at du kan telle og lese og slikt. Historie, til dømes. Festlegaste faget som fins. Du skal lære om kongar og dronningar som har gjort heilt ville ting før i tida. Og fysikk, heilt fantastisk fag. Folk som bygger romskip og reknar ut kva tid det kjem kometar klarar seg ikkje utan femtal.

Jentungen: Eg veit i alle fall alt om dei første menneska på jorda. Dei heiter Adam og Eva.
Eg: Har dei sagt det på skulen!?!
Jentungen: Ja?
Eg: Dei første menneska utvikla seg i Afrika.
Jentungen: Var dei svarte i huda?
Eg: Jepp. Så flytta nokre av dei til kaldare strøk, der huda måtte vere bleikare for at dei skulle danne nok D-vitamin. Men me kjem alle frå Afrika, sånn tilbake i tid.
Jentungen: Det med Adam og Eva då?
Eg: Ei veldig fin historie.
Jentungen: Men me kjem frå Afrika.
Eg: Nemleg.

Jentungen teiknar fleire femtal. Det går raskare no, når ho har fått anna å tenke på.

Eg: Har dei sagt noko på skulen om korleis denne verda blei til?
Jentungen: Jada. Gud har skapt den.
Eg: Nei, veit du kva! Det er då berre eventyr og dikt!
Jentungen: Korleis blei jorda skapt då?
Eg reiser meg opp så fort at stolen fell bak meg og fortel og dramatiserer korleis all materie var samla i eitt punkt som så eksploderte og blei til universet.
jentungen har ein del oppfølgingsspørsmål. Eg svarar så godt eg kan.

Fleire femtal.

Jentungen: Det med den store smellen?
Eg: Ja?
Jentungen: Har forskarane funne ut av det?
Eg: Ja.
Jentungen: Då så.
Eg: Nemleg.

Rekka med femtal er ferdig.

Kontor

15 mandag sep 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det

≈ 19 kommentarer

Eg er ferdig å male veggar og tak. I morgon maler eg dører og lister. På onsdag skal flate pakkar bli til hylleplass. Meir enn nok hylleplass.

Dette er stort for meg. Ikkje eige kontor, for det har eg jo hatt før i årevis, med namnet mitt og tittel og greier. Men eit heilt eige rom der eg både kan male og bestemme møblane sjølv. Heilt sjølv.
Først budde eg i lag med foreldra mine i 18 år. Alle veit korleis det er, og ungar skal no eingong ikkje vere vaksne så det er greitt. Så arva eg bruksretten for ein leilighet for ei tid, men det var mykje bunde opp der av både arvegods og slitsame kjensler, så det blei aldri «mitt».

Og eg har altså budd i bufellesskap og kollektiv i 11 år. Eg hadde eige soverom, for det meste, men aldri pengar til å møblere med anna enn lånt, arva og funne. Då eg fekk dei inni hælvete stygge IVAR-hyllene mine i 1996 var det stort. Dei var jo heilt mine. Dei måtte dele golvplass med ei falleferdig seng eg hadde arva etter ein tidlegare bebuar i kollektivet, eit rart bord eg arva og brukte som skrivebord (eg trur det var eitslags sy-bord), og ein pinnestol eg fekk låne frå kollektivkjøkenet.

Så gifta eg meg. Ikkje med ein sånn mann som hipsar på skuldrene over gardiner og sofa og utelukkande bidreg med å tjore møblementet fast til tilhengaren frå IKEA og heim. Neida, ein arkitekt! Som utover å ha meiningar om alt, også har ein objektivt sett og udiskutabelt betre smak enn meg.

Men no. Alle tinga som skal stå på dette kontoret har eg valgt sjølv. Ja, ikkje gjeste/dag-senga som skal stå der då, men den har eg arva frå dotter mi (!) og eg hadde strengt tatt noko å seie då den blei kjøpt.

Mitt, mitt, mitt. Mitt eige rom. Åh, som eg gleder meg.

I to og eit halvt år har eg skrive på Song for Eirabu, på kjøkenet og i stova. Flytta rundt etterkvart som bord skulle brukast til måltid og anna. No skal laptopen bli ståande der den står, eller flyttast fordi den skal brukast ein annan stad. Ikkje fordi den er i vegen.
Kartet over Eirabu skal henge på veggen over skrivebordet. Eg skal ha korktavle med planar og avtalar. Eg skal ha permane mine i hyller (ikkje i kassar). Bøker innan rekkevidde.

Det blir så veldig fint. Sukk.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

september 2008
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
« aug   okt »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen