Eg er ferdig å male veggar og tak. I morgon maler eg dører og lister. På onsdag skal flate pakkar bli til hylleplass. Meir enn nok hylleplass.
Dette er stort for meg. Ikkje eige kontor, for det har eg jo hatt før i årevis, med namnet mitt og tittel og greier. Men eit heilt eige rom der eg både kan male og bestemme møblane sjølv. Heilt sjølv.
Først budde eg i lag med foreldra mine i 18 år. Alle veit korleis det er, og ungar skal no eingong ikkje vere vaksne så det er greitt. Så arva eg bruksretten for ein leilighet for ei tid, men det var mykje bunde opp der av både arvegods og slitsame kjensler, så det blei aldri «mitt».
Og eg har altså budd i bufellesskap og kollektiv i 11 år. Eg hadde eige soverom, for det meste, men aldri pengar til å møblere med anna enn lånt, arva og funne. Då eg fekk dei inni hælvete stygge IVAR-hyllene mine i 1996 var det stort. Dei var jo heilt mine. Dei måtte dele golvplass med ei falleferdig seng eg hadde arva etter ein tidlegare bebuar i kollektivet, eit rart bord eg arva og brukte som skrivebord (eg trur det var eitslags sy-bord), og ein pinnestol eg fekk låne frå kollektivkjøkenet.
Så gifta eg meg. Ikkje med ein sånn mann som hipsar på skuldrene over gardiner og sofa og utelukkande bidreg med å tjore møblementet fast til tilhengaren frå IKEA og heim. Neida, ein arkitekt! Som utover å ha meiningar om alt, også har ein objektivt sett og udiskutabelt betre smak enn meg.
Men no. Alle tinga som skal stå på dette kontoret har eg valgt sjølv. Ja, ikkje gjeste/dag-senga som skal stå der då, men den har eg arva frå dotter mi (!) og eg hadde strengt tatt noko å seie då den blei kjøpt.
Mitt, mitt, mitt. Mitt eige rom. Åh, som eg gleder meg.
I to og eit halvt år har eg skrive på Song for Eirabu, på kjøkenet og i stova. Flytta rundt etterkvart som bord skulle brukast til måltid og anna. No skal laptopen bli ståande der den står, eller flyttast fordi den skal brukast ein annan stad. Ikkje fordi den er i vegen.
Kartet over Eirabu skal henge på veggen over skrivebordet. Eg skal ha korktavle med planar og avtalar. Eg skal ha permane mine i hyller (ikkje i kassar). Bøker innan rekkevidde.
Det blir så veldig fint. Sukk.
Å, så fint! Gleder meg på dine vegne (selv om jeg ikke kjenner deg – men jeg kjenner situasjonen).
Gratulerer! Må vere staseleg.
Takk, Lillesøster!
Staseleg er ordet, Aina. Heimekontor. Skrivestue. Diktarloft. Fnis.
Heldiggris. En dag skal jeg ha mitt eget rom også. Aterlier. Det er godt å ha drømmer, i mangel på rom. :-p
Herlig! Åh!
Tenk når du om mange år har en ikke-ivar-hylle med alle verkene dine i på rommet ditt, da!
Aterlier, lise? Fnis.
Og ALLE verkene mine kjem aldri opp i meir enn nokre hylledesimeter, uansett kor arbeidssom eg er.
Gratulerer, du skriver det så fint at en kan kjenne gleden din over rommet lyse gjennom skjermen!!! 🙂 Fine damen!!
Åh, det unner jeg deg! Din egen lille hule!
Nyt den! 🙂 Og fortsatt lykke til med skrivingen. (eller skal man kanskje ikke si sånt, men noe mer i retning av «brekk en blyant» eller «gå tom for lagringsplass på disken»?)
Catta: Takk! O, fryd!
el V: Nei, nei, lukke til er heilt i orden.
Hva heter rommet? Har det fått noe navn?
Må det ha eit namn? Hm. Då må eg tenke meg om. Det må vere veldig pretensiøst.
Må og må, det blir velsom oftest slik.
vi har litt problemer om dagen, for vi har tre nye rom. Og flere små ganger. Og nå også flere rom med mye bøker. Og ingen navn stemmer liksom lenger. Og alle er vite, så man kan ikke si det røde rommet, eller det blå rommet eller noe slikt noe.
«Det er på nyrommet.» «Hvilket av dem?» «Det Klaus hadde før.»
«Det er i gangen.» (Barn virrer rundt i et par feil ganger) «Den gangen med de to små skapene, de på sidene av døra som går til trappegangen.»
Det blir ikke bedre av at vi har 5 kjøleskap og et kjølerom.
Alle kvite? Då har du deg sjølv å takke. Rom skal då ha forskjellige fargar.
Ja, kontoret er malt med fargen «magnolia», og har utsikt ned på magnolia-«treet» vårt, så det blir kan hende lett å finne namn?
Hva slags farge er magnoliafargen?
Heilt lys, den ser mest lyselysegrøn ut, men det er visst like mykje oker og svart i den.
S 0502-Y50R
Hm. Her ser den nesten rosa ut. http://www.keyshowroom.com/default.aspx?id=ilhamalin_kendinyap7
Men jeg kommer langt med å vite at det er lysegrønt.
Eg får sende deg ein MMS. 🙂