Overoppsynsgudmora til jentungen (7), altså mor mi, er i Spania. Derfor nyttar eg høvet til å stramme opp skillelinjene mellom forskning og diktning.

Me gjer lekser. Det vil seie at jentungen skriv femtal så fint ho kan, mens eg motiverar.

Jentungen: Kvifor treng eg eigentleg kunne skrive femtalet så innmari fint?
Eg: Når du blir vaksen vil du kan hende ha 5000 kroner for ein jobb du har gjort, men så skriv du rekninga så grisestygt at kunden trur det står 3000. Då får du 2000 kroner for lite.
Jentungen: Men kan dei ikkje berre lære meg det i sjuande klasse då? Eg skal ikkje tene pengar før det likevel.
Eg: Du skal lære mange gøyale ting før sjuande klasse, men dei krev at du kan telle og lese og slikt. Historie, til dømes. Festlegaste faget som fins. Du skal lære om kongar og dronningar som har gjort heilt ville ting før i tida. Og fysikk, heilt fantastisk fag. Folk som bygger romskip og reknar ut kva tid det kjem kometar klarar seg ikkje utan femtal.

Jentungen: Eg veit i alle fall alt om dei første menneska på jorda. Dei heiter Adam og Eva.
Eg: Har dei sagt det på skulen!?!
Jentungen: Ja?
Eg: Dei første menneska utvikla seg i Afrika.
Jentungen: Var dei svarte i huda?
Eg: Jepp. Så flytta nokre av dei til kaldare strøk, der huda måtte vere bleikare for at dei skulle danne nok D-vitamin. Men me kjem alle frå Afrika, sånn tilbake i tid.
Jentungen: Det med Adam og Eva då?
Eg: Ei veldig fin historie.
Jentungen: Men me kjem frå Afrika.
Eg: Nemleg.

Jentungen teiknar fleire femtal. Det går raskare no, når ho har fått anna å tenke på.

Eg: Har dei sagt noko på skulen om korleis denne verda blei til?
Jentungen: Jada. Gud har skapt den.
Eg: Nei, veit du kva! Det er då berre eventyr og dikt!
Jentungen: Korleis blei jorda skapt då?
Eg reiser meg opp så fort at stolen fell bak meg og fortel og dramatiserer korleis all materie var samla i eitt punkt som så eksploderte og blei til universet.
jentungen har ein del oppfølgingsspørsmål. Eg svarar så godt eg kan.

Fleire femtal.

Jentungen: Det med den store smellen?
Eg: Ja?
Jentungen: Har forskarane funne ut av det?
Eg: Ja.
Jentungen: Då så.
Eg: Nemleg.

Rekka med femtal er ferdig.

Advertisements