• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: september 16, 2008

FrP er blitt stort, fellingstillating inndrege

16 tirsdag sep 2008

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 36 kommentarer

Eg har lurt litt på noko i dag. For Anathema er lei av FrP-mobbing. Mange er det. Om eg følger med i tida er det rett og slett blitt umoderne å mobbe FrP.  Det er mogleg politisk satire som grensar til utdriting (eller går langt over grensa, gjerne ved hjelp av reelle og sjølvopplevde observasjonar) er blitt umoderne.
Men eg vaks altså opp med at FrParar var fritt vilt.

Foreldra mine kjente nokon som fortalte ved eit middagsselskap at dei stemte FrP. Andre hadde sagt at alle menn var potensielle valdtektsforbrytarar, at kvinner burde gå heime og stelle for mannen, at kommunistane hadde løysinga eller at alt anna enn kapitalisme var statleg slaveri. Alt blei møtt med høglytte protestar. Men då dette ekteparet sa dei stemte FrP, vart det stilt. Etter ei lang stille sa mor mi «dette vil eg late som om eg aldri har høyrt og halde fast på at noko slikt vil eg aldri tru om dykk». Og så måtte far min hente cognac til alle for å løyse opp stemninga.

Min generasjon har hånflira av FrP-folk sidan lenge før me hadde stemmerett. Ikkje tek me dei alvorleg, ikkje har me respekt for dei, og ikkje syns me dei bør få snakke ferdig. Dei bør faktisk berre skamme seg.

Slik har media omtala dei, slik har politiske kollegaer møtt dei, slik har store delar av Noregs folk oppført seg.

Kva har endra seg? Med FrP, altså?
Ein ting: Dei er blitt store.

Og då undrar eg meg om det er slik at jo meir makt nokon har, jo meir alvorleg skal folk ta dei? Det er greit å le hånleg av nynazistane no, men om dei hadde 30% velgaroppslutning skulle me respektere dei og slutte å mobbe dei?
Kva med folk som trur på Dommedag any day, eller har snurrige testar som viser at alle er koko og treng akkurat deira hjelp, eller at alle kvinner skal ha såtehår og puffermekjolar og ligge med onklane sine? SÅ lenge dei er små og få, då er dei sekter og me kan le og mobbe og henge ut.
Men blir dei mange nok kan dei seie at ei dame for to tusen år sidan fødde utan å ha pult og sonen hennar var Guds son og han kunne gå på vatnet. Er dei mange nok er det religion, ikkje sekt, og då skal folk respekterast og ikkje mobbast og dritast ut?

Vel.

Kva med tanken om at jo meir makt nokon har, jo meir kritiske bør me vere til dei? Var det noko?  Og at folk som er få og svake og ikkje har nokre sympatiske talsmenn, bør me kan hende ikkje vere så jækla stygge med?
Eg syns me skal mobbe FrP mykje meir no enn før, eigentleg. No kjem dei kan hende i regjering.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

september 2008
M T O T F L S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  
« aug   okt »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen