Etter ein lang og i overkant kjenslevár sommar, der eg ikkje eingong hadde nett, er eg altså tilbake. Og hugsar brått at ein kan hisse på seg folk her i bloggosfæren, og det kjem liksom allslags folk dinglande. Fint med besøk!

Men så føler eg at eg må følge opp med noko underhaldande, då. Og det blir faen ikkje aktuelt. Eg er verken i humør til å provosere, underhalde eller synse. Eg er berre begeistra for Kontoret. No har eg (hjupe til med å) skrudd opp reoler og skrivebord, og er i full gang med å stable gamle permar og bøker frå kassar og inn i hyller. Eller, ikkje akkurat no då. For no sit eg her og kjenner at eg har litt vondt i korsryggen. Det fekk eg då eg plukka alle russekorta og desse små bileta av klassekameratane frå første og fjerde og niande og gymnaset ned frå ei korktavle. Eller ikkje korktavle då. Sånn strietavle.

For strietavla skal henge ved skrivebordet og der skal kartet over Eirabu få regjere heilt åleine. Det var litt fleire sånne små bilete enn ryggen min likte at eg plukka ned mens eg sto krumbøygd. Krumbøygd er den idiotiskaste arbeidsposisjonen, og noko ein berre gjer når ein i forbifarten nett skal noko. Som å plukke ned nokre hundre små bilete. Og feste teiknestiftane i fint mønster langs kanten av tavla. Viktige greier. Får ikkje hjelpe om ein får ryggvondt.

Og så har eg kjøpt lamper. Eg varma opp på IKEA med slike runde lamper i grønt, med små blomar i glaset. I dag blei eg meir vågeleg og kjøpte ein lampe som latar som den er ein blom. Dette blir betre og betre. No har eg sju lampar inne på det vesle kontoret. Manden meinte at den digre lysekrona som likna ein overdådig blomedekorasjon (eg har lært at «oppsats» er noko blomedekoratørar fniser av bak ryggen din om du ber om det) ikkje fekk plass på kontoret mitt. Ja, eg meinte det, eg og. Men eg skuldar på han.

Så snart eg har fått fylt opp alle reolane med permar og gamle bøker, og kjem til dei nye bøkene og dei bøkene eg faktisk går tilbake til og blar litt i, og dermed må flytte dei gamle permane og dei teite bøkene inn på eit kott for å få plass til dei eg faktisk vil ha framme, er eg nok klar for å tenke på gardiner.

Eg likar ikkje gardiner. Dei held lyset ute, og eg likar dagslys. Dessutan er kontoret oppe i andre etasje og eg ser ned mot litt skog, så det er berre ekorn og kråker som kan snike på meg.

Kontoret er blitt litt rart og gammaldags og det blir kan hende gardiner likevel. Blondegardiner? Føler me at det er mogleg å få fatt i?
Liftgardiner og persienner og slikt er heilt uaktuelt, i alle fall. Fytti. Eg smakar på blondegardiner. Eg syns det smakar godt. Litt underleg, litt emment, men godt.

Advertisements