Eg er så lukkeleg.

Fine skrivebordet, og ein skikkeleg arbeidsplass for ein frysepinn.

Plass til ein gjest som berre vil prate, og til ein som vil overnatte.

Endeleg litt hylleplass til bøker. Og ein liten lykkebringar frå Afrika passar på dei aller minste bøkene.

Mormor si skumle kjøkenklokke som stoppa då ho døydde i 1989. Eg har aldri turt å sette i nytt batteri.

Og sidan dette er MITT rom og arkitekten ikkje har NOKO han skulle sagt, så er det lampe som liknar blomst og duk over ei bokhylle.

Og så er utsikten upåklageleg. Motsett veret, men kva gjer no det. Eg skal berre vere her inne, eg.

Kontoret mitt er ferdig! *lukkeleg*

Advertisements