Dei fleste av oss er bekymra for miljøet, samstundes som me veit at me kjøper for mykje, kastar for mykje og kvar einaste dag bidreg til å gjere verda litt dårlegare. Me kjenner oss hjelpelause overfor den frie marknadsøkonomien, og samstundes kan det vere vanskeleg å sjå kva me kan gjere politisk for å redusere søppelberget.
Derfor vil eg i dag presentere to måtar statleg styring kan gje oss mindre søppel.

Søppel: To openberre årsaker
Dersom eg ser på min eigen, daglege produksjon av søppel, er det to ting som er openbert:

Alt eg vil kjøpe er pakka inn  i store mengder søppel.
Alt eg kjøper går i stykker.

Løysingsforslag
1. Emballasje: Alt eg kjøper er pakka inn i eingongsemballasje. Eg kan sortere plast og papp og sit tilbake med lite rest-søppel, men trass alt ville det vere betre om all denne emballasjen slett ikkje skulle gjennom heile mølja med kjemisk rensing, omarbeiding og kva dei enn no gjer for å gjenvinne det som kan gjenvinnast.
Eingongsemballasje må bort. Ja, dei som har produsert slik emballasje i tretti år vil okke seg, og det vil kreve omstilling og nyskaping. Men dette kan ein faktisk vedta. Det er mogleg å stille krav om pant på emballasje, og emballasje som kan brukast om igjen. Industridesigneren her i heimen meiner det er fullt ut mogleg og gjennomførbart.

2. Kvalitet. Når eg har vaska ei svart t-skjorte tjue gonger er den grå, og etter førti vask er den direkte slitt. Saumar går opp, glidelåser går i stykker, skosåler løsnar. Masseproduksjon av billlege, dårlege varer gjer det mogleg for oss å kjøpe nytt heile tida. Men eg vil ikkje. Dersom eg har funne den t-skjorta eg likar, så ville det vere greit om den var like fin til neste år. Behagelege underbukser som ikkje blir flossete i kanten, sjøstøvlar som ikkje lekk, støvsugarar som ikkje blir infantile kvar gong det faktisk kjem støv inn i dei. Eg vil ha ting som virkar, og som ikkje blir stygge og øydelagte etter vanleg bruk. Men eg veit ikkje korleis eg får tak i det.  Det hender eg kjøper noko dyrt. Fleskar til og kjøper ein kjole til ein formue, eller eit par sko som er dobbelt så dyre som dei eg pleier kjøpe. Men desse tinga går akkurat like fort i stykker som det billege.

Det er mogleg å stille krav om kvalitet. Dei fleste tekstilprodusentane har slutta å sende tekstilane gjennom det siste fikseringsbadet, for det er dyrt. Derfor mister nesten alle klede fargane i vask.  Bruk av svært dårleg kvalitet på sytråd sørger for at kleda rivnar omlag samstundes med at bransjen meiner dei er umoderne. Jamnt over er det ingen merking av kvalitet på varer, og eg som forbrukar veit ikkje kva eg skal sjå etter, kvar eg skal gå, korleis eg skal orientere meg. Dette er ikkje vanskelegare å styre politisk enn å innføre kjøpsgaranti og innhaldsforteikning.

Voila. Mindre søppel.

Advertisements