Lego Star Wars-spelet til Playstation 2 er det nest beste i heile verda, i følge fireåringen. Det beste er sjølvsagt meg, fordi eg har så fine auge og så fint hår og fordi han er forelska i meg. Men sjølv den magnifisente mora kan ikkje konkurrere med Lego SW når det kjem til underhaldning, og eg føler førsteplassen er truga. Under middagen i dag fekk eg alle detaljane frå kampscena der sonen min hadde drepe Jango Fett med lyssverdet sitt.

Jango er altså faren til Boba Fett, og originalen til alle klonesoldatane (dei med dei aller finaste, kvite draktane). Vesle Boba var vitne til at jedien Windu hogde hovudet av far hans. Og Windu blir altså spela av Samuel L. Jackson, som syns det aller beste var å få lov til å seie replikken «May the force be with you». Og sonen min vil gjerne vere Windu i Lego SW, for han har lilla mønster på genseren sin. Lilla er nemleg den aller finaste fargen.

Eg trur eg må farge håret lilla for å halde på førsteplassen som det beste i fireåringen si verd. Og skifte namn til Dronning Mammadala.

Advertisements