Grafisk litteratur servert utan plastikk-hovudlykt-med-propell som går i stykker på veg heim frå butikken. Litt for store og litt for små.

Hugo Pratt sin Corto Maltese er ein klassikar som framleis kan kjøpast både ny og brukt på nett, og i sjapper som formidlar brukte teikneseriar. Fantastiske teikningar, godt skrudd saman både plott, karakterar, miljøskildringar, underhaldning. Løp og kjøp og gje aldri slepp. Dette blir ikkje søppel, heller ikkje om hundrede år.

Wendy og Richard Prini sin serie Alvefolket (Elfquest) har vore ein redning her i heimen. Jentungen gjekk og sukka etter Barbie-bladene, der Barbie i diverse roller opptrer som antifeministisk gloss-jævel og jentene kan lære korleis dei kan tapetsere alle møblane sine med krepp-papir og fjær, slik at dei blir ubrukelege. Ikkje gadd ho lære å lese heller, for Donald var keisamt, leksene grusomme og Barbiebladene inneheld nesten ikkje skrift. Alvefolket ga både leselyst og inspirasjon til å teikne sjølv.
Eg har berre lese dei første 46 bindene, og vil gjerne høyre frå folk som har lese meir.

Sjuåringen si eiga Alvefolket-teikning som heng på kjøleskapet vårt:

Tillegg: Eg er mest imponert over jentungen sin evne til å ta seg inn att og endre. Og klart ho har sett etter ein original her, det er slik ein lærer.

Advertisements