Eg har visst delt oppskrifta på salsa før.

Du hiv ein boks hakka tomatar i ein sil, så det får renne av mens du lagar til resten.
Hakk ein halv lauk (eller ein sjalottlauk) i småstykker.
Klask eit kvitlauksfedd flatt under den kulaste kniven du har, og hakk i smått.
Ein grønn chili blir flensa og flådd og hakka i smått.
No kan du hive lauk, chili og tomat i ei bolle, og oppi der har du to spiseskeier honning, safta frå ein halv lime, og omlag to spiseskeier hakka, frisk koriander.
Bland og server.

Så lagar du ostechips. Eller du lagar ostechipsa først og salsaen mens chipsen står i ovnen. Eg klarar ikkje tenke i dag. Gjer som du vil.

Du kjøper ein pose med sånne tortillachips. Så store du finn. Eg fann nokre runde i dag, dei funka bra. Spre chipsen på bakeplate. Sett ovnen på 150. Høvle cheddar og legg på chipsen. Eg er veldig ryddig og legg chipsen så tett som mogleg og ost nesten til kanten på kvar chips og ingenting utfor og slikt. Men det går sikkert bra om du er rotete og unevrotisk og kleisar på som du sjølv vil.
Inn i ovnen.

Når osten er smelta godt inn i chipsen tar du brettet ut og serverer med salsa.

Eg skulle gjerne tatt bilete. Men eg spiste opp alt med ein gong.

Advertisements