Eg har lese det før og ikkje forstått. Forfattarar som slit med å skrive. Kva er greia? Kvifor vil dei vere forfattarar då? Er det einslags misforstått kultursnobbegreie? Noko med å vekse opp i ein sjukeleg pengehatande og litterært ambisiøs subkultur? For om det er så vanskeleg, så gjer for faen noko anna!

Vel.

Det er verkeleg ikkje vanskeleg å begynne på ein roman. Det er berre gøy. Det vanskelege er å gjere den skikkeleg ferdig. God nok. Gå den siste mila. U know. Fyttigrisen. Og det blir ikkje lettare av at stolen har innebygd katapultmekanisme som reagerer uhyre kjenslevart på alle mentale avsporingar.
– Eg skulle kanskje hatt ein kopp kaffe. *spoink*
– Kva tid var det eigentleg eg skulle til tannlegen?  *spoink*
– Kva er klokka blitt? *spoink* (heilt ærleg, eg kunne berre sett på pc-en, det var ikkje naudsynt å kaste meg rett opp i lufta)

No sit det to legale grunnar for ineffektivitet i naborommet og perlar og syng finne-engelske-Abba-tekstar.
Uæhhh, ta denne kalk i fra meg!

Kanskje eg skulle hatt eit sjal over skuldrene?

*spoink*

Advertisements