Det hender me har pølser. Det hender me har pasta og pølser, til og med. Riktignok kalkun og kylling-pølser og fersk pasta. Men det hender. Og då er det godt med ketchup. Utruleg lett å lage og smakar godt.

Før brukte eg alltid dei der kvartliterboksane med finmost tomat frå Lidl. Så ville ikkje Lidl vere her meir. No bruker eg anten det som har rent av hakka, hermetiserte tomater (når eg likevel lagar til dømes salsa) og har eit par skeier tomatpure oppi, eller så tek eg heile innhaldet i tomatboksen og finmosar.

Oppi ei lita panne. Set på kok. Husk lok, faenskapet boblar og grisar til kjøkenet.

Oppi med ein slant (til dømes ei raus spiseskei) raudvinseddik, like mykje sukker som eddik, og ei halv teskei Sambal Oelek. Rør rundt. Ferdig arbeid.

Og nei. Eg heller ikkje på krukker og oppbevarer og slikt. Dette er ferskvare og eingongsmat. Kunne sikkert konservert, men pytt. Det blir ikkje ete så ofte uansett.

Advertisements