Kan ein verkeleg vere i tvil om ein bur saman med ein fire år gammal gut eller ein LSD-brukar i tjueåra?  Her er eit knippe situasjonar der du får testa kor god du er til å avdekke tvilstilfelle.

1. Når du klipper neglene står vedkommande og stirrer intenst på hendene dine gjennom eit forstørrelsesglas.

a) barn
eller
b) syrehovud?

2. Du vaknar klokka fire om natta av at vedkommande ligg i gangen og græt over at han ikkje kan finne supermannpysjen sin.

a) barn
eller
b) syrehovud?

3. Vedkommande et ingenting til middag, fordi han er for oppteken med å fortelje deg korleis det påverkar Yoda å bruke Krafta for ofte.

a) barn
eller
b) syrehovud?

4. Når du går i butikken med vedkommande, kan han bli ståande foran hyllene med godteri i ein halv time utan å seie noko, før han raskt riv til seg ein slikkepinn og stirrar triumferande på deg.

a) barn
eller
b) syrehovud?

5. Når slikkepinnen skal betalast for, held vedkommande fram alle myntane han har og let kassedama plukke ut ein høveleg mengd penger.

a) barn
eller
b) syrehovud?

6. Toalettet er oppteke i tre kvarter. Når du endeleg slepp til kan du sjå at alle toalettrullane har vore rulla heilt ut og er blitt rulla så godt som mogleg pent tilbake på rullekjernane.

a) barn
eller
b) syrehovud?

7. Du tenner stearinlys i stova. Vedkommande insisterer på at dei bør stillast inn i peisen, og gnistfangaren skal trekkast for, grunna brannfare.

a) barn
eller
b) syrehovud?

8. Du roper at det er kveldsmat, og vedkommande kjem til bords iført laken og spyd, og tviheld på ein plastboks med lok som han nektar å skille seg av med.

a) barn
eller
b) syrehovud?

Merk: Dette er nokre situasjonar som er henta frå kvardagen med fireåring, andre frå kvardagen i kollektiv på nittitalet.

Fasiten kjem i dag, fredag 26.09.08 klokka 15.00.

Advertisements