Her er fasiten på kva situasjonar som var henta frå kvardagen med fireårig gut, og kva som er historiar frå tida med vaksne universitetsstudentar med lauseleg forhold til illegale rusmiddel.
Eg har merka rett svar med grønt og feil svar med raudt.
1. Når du klipper neglene står vedkommande og stirrer intenst på hendene dine gjennom eit forstørrelsesglas.
a) barn
eller
b) syrehovud?
2. Du vaknar klokka fire om natta av at vedkommande ligg i gangen og græt over at han ikkje kan finne supermannpysjen sin.
a) barn
eller
b) syrehovud?
3. Vedkommande et ingenting til middag, fordi han er for oppteken med å fortelje deg korleis det påverkar Yoda å bruke Krafta for ofte.
a) barn
eller
b) syrehovud?
4. Når du går i butikken med vedkommande, kan han bli ståande foran hyllene med godteri i ein halv time utan å seie noko, før han raskt riv til seg ein slikkepinn og stirrar triumferande på deg.
a) barn
eller
b) syrehovud?
5. Når slikkepinnen skal betalast for, held vedkommande fram alle myntane han har og let kassedama plukke ut ein høveleg mengd penger.
a) barn
eller
b) syrehovud?
6. Toalettet er oppteke i tre kvarter. Når du endeleg slepp til kan du sjå at alle toalettrullane har vore rulla heilt ut og er blitt rulla så godt som mogleg pent tilbake på rullekjernane.
a) barn
eller
b) syrehovud?
7. Du tenner stearinlys i stova. Vedkommande insisterer på at dei bør stillast inn i peisen, og gnistfangaren skal trekkast for, grunna brannfare.
a) barn
eller
b) syrehovud?
8. Du roper at det er kveldsmat, og vedkommande kjem til bords iført laken og spyd, og tviheld på ein plastboks med lok som han nektar å skille seg av med.
a) barn
eller
b) syrehovud?
Fire riktige. Hrmmpff. Jeg mistenker at fasiten er feil.
Meiner du at sonen min eigentleg er eit dohovud?
Ja, du bør nok få sykesøster-datteren din til å ta et alvorsord med ham.
*erte*
Pass deg no, Ole, ellers så gannar eg ungane dine og dei blir damefrisørar heile gjengen.
Arh. Der har du meg. Jeg kan verken galdre eller ganne, det ville vært ergi.
Eg manar for svik, eg manar for mein;
eg manar med mått og magne!
tri gongir tri! I blod og bein
dei falske hugar tagne!
Og jeg som trodde jeg hadde rett.
*sender gandfloger i retning Ole*
Suz: haha, folk tok stort sett grueleg feil. Men fireåringen her i huset er passe rar då.
Skal en dømme etter historien til de fleste fireåringer, er fireåringer passe rare. Punktum 😀
*hihi*
Det er helt normalt å gråte fordi man ikke finner supermannpysjamasen sin. I do it all the time.
Nummer 5 er ingen av delene. Det er en eldre dame med rullator.
Haha, nummer fem er den aller mest typiske LSD-greia, Iskwew.
Da kan vi slå fast at eldre damer med rullator går på syre. I hvert fall her i området.
I tillegg ville de ha kranglet på prisen.
Åh, folk på syre kranglar ikkje om prisen. Dei har berre mista evnen til å forstå pengar og matematikk. Dei er stolte over å huske at det er pengar som skal til, liksom. Sjå! Eg har sånne der pengar! Berre ta nokon!
Dette med å bare holde ut pengene og lukke øynene har jeg også sett med amerikanere i det store utland når de må håndtere utenlandsk valuta. Det er litt vanskelig å få dem til å forstå at tallene på sedlene og myntene har samme forhold til verdien som de har på dollar og cents og at det derfor går an å se på dem og telle opp riktig mengde for å betale for hva man vil kjøpe.