Jah, så er døypenamnet mitt festa til bloggen. Det har no lenge vore slik at ein ikkje trong vere rakettforskar (eller romingeniør) for å finne ut at eg var meg. Ikkje har eg nokonsinne tenkt at nick var ei særleg hemmeleg greie heller, eg brukte jo same nicket overalt og heile tida og var jo meg. Men det var no likevel litt rart å hekte namnet mitt til nicket her.

Eg er ikkje akkurat den første. Bloggosfæren er stappande full av bloggar med døypenamn og telefonnummer og full adresse. Men trenden ser ut til å vere at det mest er folk på min alder som kjem ut av skapet. Mest fordi det er oss gamlingar på nett som har vore der inne i første omgang.

Folk som er omlag tjue år yngre enn meg er omlag like mykje på nett som meg. Men dei er på andre arenaer, saman med RL-vener og nettfolk litt om einanna, og reknar det som aldeles normalt å vere tilstades som seg sjølv. For dei som er vakse opp med nettet er det like lite mytisk som telefonar. Faktisk er sjølv mobiltelefonar bittelitt mytiske for oss, sidan me vaks opp med fasttelefon på eige bord i gangen og ledningar i veggen og runde skiver der ein måtte vente med å slå inn neste siffer.

Anonyme ytringar på nett forsvinn kan hende etterkvart som den oppveksande generasjonen tek over heile greia. Dei vil neppe ta slike nickfolk som oss seriøst i lengden. Like greit å komme ut av skapet.

Advertisements