Bandanders har ein nesten heilt hemmeleg blogg. Rart, eigentleg. Det gjer noko med meg å komme inn dit. Bileta, forteljingane hans frå sauefjøset, knappe anekdotar frå ein kvardag som gjev ro i sjela. Eg elskar bloggen hans, og det den gjer med meg. I dag vil eg gjerne dele den med dykk.
Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har gjort det før. Den er som ein hemmeleg stad der det veks kantareller eller kusymre, og eg har vore gniten. Men det blir ikkje færre kantareller eller kusymre på meg om du også får kvile deg litt inne hos bandanders. Og kan hende du også vil merke det: At du nynnar etter å ha vore der inne.
Så rart! Jeg kjenner nicket Bandanders, men jeg tror jammen meg at dette er første gangen jeg har vært innom bloggen hans?
Fin var den. Hurra for vestlandsbloggene!
Den er veldig fin. *nikkar*
Ein fjellbloggar! Så fint.
Eg kan ikkje anna enn takke så mykje. Har hatt mest like mange innom gangdøra denne ettermiddagen som eg har hatt siste siste 14 dagane til saman.
Men det gir meg litt blanda kjensler at dette truleg er resultat av det mest sutrete innlegget i eg nokongong har lagt ut
Du minna meg berre på at du kan hende også ville ha andre enn meg på besøk, og det må eg jo tåle. 🙂
Sutring er alltid bra, bananders! Jeg likte også den sauebloggen.
Synes ikke det var spennende med en saueblogg, men sau smaker jævlig godt! Fortsett med sauegjetinga, så vi bygutta kan få oss noen saftige lammeskanker! God høst til alle dere der ute på landet!
EIn kan seie mykje om hausten, men når den først er her, kan ein like godt få meg seg det som er fint med den. Helsing Ute på landet.
En saueblogg! Så bra bandander sutret 😀 Jeg likte bloggen kjempegodt.
Jeg også 😀