• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: oktober 2008

Skriv ei bok på ein månad

30 torsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 39 kommentarer

No er det snart første november. Det betyr at om ein månad kan du ha skrive ei heil bok, sjølv om du i dag ikkje har skrive noko som helst. November er nemleg National Novel Writing Month, forkorta til Nanowrimo, som etterkvart er blitt den internasjonale skrive bok-månaden.

Greia er enkel:
1. Registrer deg på Nanowrimo.
2. Skriv 50 000 ord på ein månad.

Du får oppmuntrande epostar frå kjente forfattarar. Drit i om det blir bra, hald ut, skriv, og skriv kvar dag. Du må i snitt skrive 1667 ord per dag heile november. Det vil seie at du bør legge deg på 2000 ord kvar dag frå start. Det er faktisk ikkje uoverkommeleg. Veldig mange greier det kvart einaste år.

Kvifor skal ein utsetje seg for slikt?
Det blir sikkert ikkje noko bra likevel?
Du har ikkje gjort nok research og veit ikkje om ideen din er bra, og dessutan har du ikkje noko ferdig plott?

Du skal gjere det fordi det skjer noko når du tvinger deg sjølv til å skrive kvar dag, framfor å dille rundt og tenke. Du blir betre. Og du får ting gjort. Og du blir ferdig med noko.

Vips har du eit førsteutkast til eit manus. Og veit du? Det er eit veldig godt utgangspunkt.

Kvifor gjere det akkurat no, berre fordi det er sånn der Nanowrimo-greie du aldri har høyrt om før?

Fordi det også skjer noko når du ikkje er aleine. Når du kan gå inn på Nanowrimo-bloggen kvar dag og registrere kor mange ord du har skrive. Og få små, smarte utfordringar og tips undervegs. Og støtte. Massiv støtte. Du, og alle dei andre tusenvis av folka der ute i verda som sit og skriv kvar einaste dag.

Premien for å klare 50 000 ord sist år var at alle som klarte det (og limte inn dei minst 50 000 orda i den der boksen på Nanowrimo-bloggprofilen sin) no kan få teksten sin trykt, innbunde og tilsendt aldeles gratis. Enn det.

Kom igjen. Du skriv minst 2000 ord dagleg på blogg, kommentarfelt, epost, msn og facebook til dagen. Dropp det, og skriv ei bok i staden.

Postpost: Eg klypper frå dagens oppmuntringsepost frå nanowrimo:

The books we write in November won’t start out like the novels we buy in bookstores. Because the novels we buy in bookstores didn’t start out like bookstore-novels either.

Nope. They started out as way-less beautiful, way-more exciting things called first drafts. These are the dinged-up cousins to final drafts, and they’re packed with crazy energy and laughable tangents and embarrassing instances where a main character’s name shifts six times over the course of a single chapter.

Creating this reckless, romantic, and potential-filled beast is the first step in writing a great book. It’s also a fantastic workout for your imagination, and monkey-barrels of fun. There’s a catch, though. Getting through a first draft will require you leave perfectionism and self-criticism at the door. Fear not: We’ll keep them both safe and return them to you in December.

But in November, you are beyond criticism. Because you are doing something that few people in the world have the guts to try—you’re packing a huge creative challenge into an already-hectic life. You’re juggling work and home; family and friends. With all of that going on, you’ve signed up for NaNoWriMo. Where you’ve spent the last few weeks hunting through the bin of possible novel ideas, trying to pick out the perfect one. Maybe you’ve got yours already. Or maybe you feel like you’re not quite ready.

You’re ready.

It’s November 1, writer.

Intervju i Haugesunds avis

29 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Presse

≈ 37 kommentarer

Oi, i dag må eg visst kjøpe Haugesunds avis.

Altså, om avisa syns det er juks og sånn, så fjernar eg sjølvsagt lenka umiddelbart. Men sjå om ikkje dette funkar?

Bloggegreier

29 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 3 kommentarer

No er det tid for Tordenbloggen, som er ei sånn sosial bloggegreie der du kan finne nye spanande bloggar, samstundes som det er ein uhøgtideleg konkurranse om kva som er den beste bloggen i Noreg. Det er det i alle fall meint å vere, for folk som har eit uhøgtideleg forhold til konkurransar. Me andre burde jo vore skjerma mot slikt.

Og så har eg registrert bloggen min på eit kart, på ein obskur stad som heiter Leirvik på bloggportalen Bloggurat. Spør meg ikkje kvifor.

Feministbarnet mitt

28 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Kjønn

≈ 49 kommentarer

Opprørt venninne i telefonen: «Unnskyld meg, men eg er litt i affekt her. Har du høyrt kva jentene har sett på SFO?»

Eg (film av katastrofetankar gjennom hovudet: Ein blottar? Eit dødsfall?): «Nei, jentungen har ikkje sagt noko?»

Opprørt venninne: «High school musical! Nokon hadde visst hatt filmen med seg. Det er heilt utruleg. Her forsøker me å skjerme dotter vår mot denslags, og så ser ho det på SFO. Eg saknar verkeleg ein diskusjon om kva SFO skal vere, og kva det eigentleg er me betaler for. Dersom dei ikkje skjønar at slikt som dette ikkje går an, så tenker eg jo at dotter mi ikkje kan gå der. Men dotter mi seier at jenta di ikkje såg filmen, for ho sa ho trudde ho ikkje fekk lov.»

Jentungen (7)  sit og gjer lekser. Mor ser bro. Mormor ser bro. Ho stønnar.

Eg: «Viste dei High School Musical på SFO i dag, vennen?»

Jentungen: «Ja. Ganske dumt.»

Eg: «Men du såg ikkje på?»

Jentungen: «Nei. Me har aldri snakka om den filmen, men eg tenkte at det likna sånne Hannah Montana-greier som eg ikkje får sjå.»

Eg: «Veit du kvifor du ikkje får sjå det?»

Jentungen: «Ja, det er jo berre sånne fjollejenter som snakkar med pipestemme og oppfører seg toskete. Og du vil ikkje at eg skal sjå sånt, for du vil eg skal vere eit ordentleg menneske.»

Eg: «Eg skal snakke med dei på SFO, eg. For det er jo ikkje noko kjekt at dei viser filmar som ikkje alle får sjå.»

Jentungen: «Det er i grunnen rart at dei andre får sjå sånt. Men foreldra deira har nok ikkje tenkt på kva som kan skje. At me kan bli sånne fjollete jenter som berre er opptatt av sminke og mote og fniser og snakkar med pipestemme. Det er fint du tenker på sånt, mamma.»

PENE forfattarmenn, sa Lindkvist

28 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Litteratur

≈ 30 kommentarer

Eg har ingenting å seie. Eg er i eit emohjørne. Og så orkar eg ikkje min eigen blogg med den der forrige posten øvst på sida.

Då er det vel ikkje anna å gjere enn å reintrodusere (kva faen, er det eit ord?) Neil. Det fins eit anna youtubeklipp med betre kvalitet (høgare lyd, meir lys) men der har dei klypt bort kva han seier om å ha dikt med i novellesamlingar, og det går ikkje an. Så her er altså Neil som både forklarar dikt i novellesamlingar OG les eit dikt.

Og for å gjere det heile overdådig lekkert og attråverdig, sleng eg på eit par andre bilete av forfattarmenn.

Ok. Ingen ungfoler. Men Neil framstår jo då som ekstra nydeleg. Og Ragnar. Ekstra nydeleg.

Forfatterfjes

27 mandag okt 2008

Posted by Avil in Avsløring

≈ 10 kommentarer

Flamme forlag har hatt ein serie forfattar-lookalikes på bloggen sin.
For å gå dei litt i næringa, eller herme som det også heiter, vil eg gjere mersam på korleis Preben Z Møller og Magnus S Rønningen liknar kvarandre.

Begge har også fått forrykande bloggomtaler.

Narsissisten og den manglande gleda ved eige arbeid

26 søndag okt 2008

Posted by Avil in Litteratur, Mediekommentar

≈ 6 kommentarer

Eg har ikkje lese Oppskriften – for deg som vil opp og fram, Magnus S. Rønningen si bok om korleis ein kan bli kjendis. Eg har lese Morgenbladet si omtale. Og der blir Rønningen si framstilling av verda som kynisk kalla narsissistisk.

««Verden er et kynisk sted,» skriver Rønningen skråsikkert i bokas innledende kapittel. Det er mulig at Rønningens møte med verden har gjort ham bitter og kynisk, men å hevde at mennesker flest er kyniske er en uriktig påstand. Det er rett og slett ikke sant. Mennesker flest er moralske, og å hevde det motsatte er en elementær ansvarsfraskrivelse som bidrar til å legitimere hans eget prosjekt.
Her viser Rønningen seg også som patologisk: Han projiserer sine egne motiver og erfaringer over på andre og på verden. Det er dette som kalles narsissisme»

skriv altså Kjetil Olaussen, kultursosiolog fra London School of Economics and Political Science og høyskolelektor ved Markedshøyskolen.

Psykoanalytikarane sin bruk av greske mytar for å kategorisere og forstå psykopatologi gjennomsyrar språket til den vestlege intelligensiaen (for ikkje å seie heile den akademiske middelklassen i «vår del av verda»).  Narsissisten er ein interessant gjengangar, fordi han tilsynelatande står for det me alle er: Hans sjølvbilete er berre det omverda speglar, og omverda blir opplevd som lik hans eige (vrenge-)bilete av seg sjølv. Ingen eigen substans fins, berre møtet og gjenskinnet, speglinga og projiseringa. (1)

Men det eg først og fremst kom til å tenke på då eg las omtalen av Rønningen si bok var nettopp dette at Olaussen oppfattar Rønningen som narsissistisk på bakgrunn av Rønningen sitt kyniske verdsbilete, samstundes som Olaussen trekk fram påstandar frå Rønningen si bok som eg særleg gjenkjenner som patologisk narsissisme i Kohut sitt perspektiv, nemleg dette med at «ingen eigentleg har noko talent», ingen er kjendisar fordi dei kan noko eller driv med noko dei er glade for og gode til, rett og slett ei framstilling av desse menneska som blotta for arbeidsglede.

Psykoanalytikaren Heinz Kohut tilførte narsissismeomgrepet ei spanande forståing ved å gripe fatt i akkurat dette.
Han skildra ei naturleg og sunn narsissistisk utvikling hos born som det å dyrke og idealisere ein forelder som lot seg idealisere, og der eit barn som er trygt og elska kan få lov til å beundre ein forelder og ta del i den vaksne sin arbeidsglede og sjølvglede, og gjennom dette utvikle sin eigen glede ved seg sjølv og sin eigen kreativitet.
Den patologiske narsissistiske utviklinga er skildra som at barnet ikkje får vere trygg og elska, men like viktig: Heller ikkje får lov å idealisere forelderen. Der den trygge forelderen let barnet stirre beundrande på han i verkstaden, vil den utrygge og ikkje-gode-nok forelderen føyse barnet bort og devaluere sitt eige virke. Og dersom barnet opplever at den idealiserte forelderen devaluerar seg sjølv, vil barnet få vanskar med å dyrke fram si eiga arbeidsglede.

Barnet veks slik opp utan å få lov til å glede seg ved eige virke og eigen kreativitet, fordi han ikkje ser dette spegla hos forelderen, og ikkje har eit førebilete som viser korleis ein gjer det.
Barnet kompenserer ved å basere sjølvbiletet sitt på kva andre seier er bra, korleis ein kan komme seg opp og fram. Tilbakemeldingar frå andre som stadfestar at ein er verdt noko blir heilt avgjerande for at ein skal føle seg verdifull. Samstundes ligg truselen der heile tida: Kva om dei ikkje beundrar meg for det eg gjer, det eg får til, slik eg ser ut, det eg yter og ytrar? Kva om dei avviser meg? For rett innanfor den patologiske narsissistiske sjølvforelskinga, det synlege behovet for å hevde seg og bli beundra, ligg redselen for at ein er verdilaus. Utan tilbakemeldingane er ein ikkje berre tomhendt, ein er tom heilt inn i sjela, fortvila, trist og hjelpelaus.

Nokre slike narsissistar er intelligente, vakre og/eller svært dyktige innan eit eller anna fag. Dei får tilbakemeldingar som held dei oppe, dei sørgar for å etablere eit nettverk rundt seg som stadig rosar og beundrar. Gjerne inklusiv ein støttande og beundrande ektefelle. Det umodne sjølvet, den manglande arbeidsgleda og den manglande tryggleiken, er ikkje synleg i det daglege. Ikkje før omverda sviktar. Ikkje før ektefellen går, ein misser arbeidet eller på andre måtar mister det utvendige reisverket som held sjølvet oppe. Då fell narsissisten saman, og han er utrøysteleg. Då er han lite sjarmerande, i all sin ynkelege fortviling, og omverda vender seg bort med avsky. Han får stadfesta sine verste mareritt.

Kan hende skjer dette aldri, kan hende klarar han seg heile livet med si såkalla kyniske innstilling. Men han vil alltid mangle det han påstår ikkje fins: Gleda ved eigen aktivitet. Kreativitet, berre for sin eigen skuld. Arbeidsgleda. Evnen til å fordjupe seg og gløyme seg sjølv, evnen til alvorleg og utan tanke for andre, la seg oppsluke av det han yter.

Eg anar ikkje om Rønningen er plaga av noko av dette, ikkje har eg lese boka hans, og ikkje er det sikkert eg ville bli klokare på forfattaren om eg gjorde.

Men ein ting er sikkert: Eg trur det fins mange i Noreg som er kjente fordi dei likar det dei driv med, fordi dei er gode til det, fordi dei har talent. Eg trur det er mange trygge og sunne folk som endar opp med å komme i media sitt søkelys. Men eg trur også at det rundt dei sirklar folk utan tryggleik og arbeidsglede. At det fins folk som freistar støtte opp om eit utrygt indre ved å la seg skinne på av dei som kan noko. Og eg er også sikker på at denne handboka i korleis ein skal komme seg opp og fram aldri vil føre til at nokon av dei blir lukkelege. Det blir dei ikkje før dei finn indre tryggleik og glede ved eige arbeid. Å la seg skinne på er alltid ei forgjengeleg glede. Å finne sitt eige, indre lys, – gleda ved eigen aktivitet –  er den einaste varige kjelda til glede.

  1. Som ein digresjon kan ein seie at ut frå eit sosialkontruktivistisk verdsbilete fins me alle berre i møtet med kvarandre, me forstår oss sjølve og omverda ut frå det som blir spegla og det me projiserer, om ein freistar samtenke psykoanalysen med sosialkonstruktivismen. Ei slik samtenking er umogleg, vil ein kan hende seie, psykoanalysen ser kvart menneske som atskilt frå alle andre, og berre med objektrepresentasjonar og superego som indre speglingar av omverda, mens sosialkonstruktivismen flyttar fokuset bort frå sjølvet og over i interaksjonen. Likevel er det slik at desse to motstridande teoriretningane begge påverkar vår måte å forstå oss sjølve og omverda på, og slik ender me opp med å samtenke desse utan vidare refleksjon.
    I eit slikt perspektiv vil einkvar som avslører seg som kun eksisterande i relasjonane, og kun eigennyttig agerande, stå i fare for å bli oppfatta som narsissist.
    Narsissisten blir då ikkje patologisk anna enn som den reindyrka stereotypen, og slik ahr det kan hende alltid vore. Eit snev av fortvila og søkande sjølvforelsking kombinert med sjølvforakt kan einkvar tillate seg, så lenge dette ikkje er det einaste ein viser av seg sjølve. Men som sagt: Ein digresjon. Og i høgste grad ein diskutabel sådan.

Skapingsmytologi

25 lørdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 13 kommentarer

Norrøn mytologi sett i eit moderne perspektiv. Utdrag frå kapittel 18 i Song for Eirabu.

«Før denne verda me lever i blei til, var det berre ild og kulde og elles ingenting. Slik var det i ei æve, for ilden og kulda haldt seg frå kvarandre. Du forstår, denne verda er ikkje den første og nok heller ikkje den siste. Ild og kulde har mange gonger blanda seg og slik skapt verdener med gras og stein og levande folk og dyr. Kvar gong ei verd blir fødd er den vakker, og blømer i orden og mangfald. Og kvar einaste verd har si tid for venleik, si middelhøgd med venleik og fred, der all verdas folk har sin stad, og all verdas dyr har sin plass. Men til sist blir kvar verd ein stygg og grusom stad, der all orden går i oppløysing, kongar drep kongar og gudar drep gudar, og til sist går verda til grunne. Alle desse verdenane er born av ilden og kulda, og derfor ber ilden og kulda ein stor sorg i seg.»
Ragna smuldra grasstrå og rulla små, grøne pølser mellom fingrane.

Så bøyde ho seg ned og plukka opp ein maur som kraup over dei nakne tærne.
Okar sat stilt og såg henne smuldre mauren langsamt mellom fingrane før ho fortsatte å fortelje.

«Derfor nølte ilden og mørket blande seg, og dei trakk seg frå kvarandre. Men når det ikkje fins anna enn ild eller mørke, er det vanskeleg å ikkje røre ved kvarandre. Ilden samla seg tettare og tettare saman midt i mørket, til den berre var ei kule i mørket. Midt i ildkula sat Svid, ilden sin eigen herre, og dei ni ildryttarane i flammehirden hans reid rundt og rundt langs randen mellom lys og mørke. Nehl, den kvite og blå mor av kulde og mørke, omslutta dei på alle kantar, og mens ildkula blei mindre og mindre, gløda den stadig sterkare.

Til slutt var all ild og rørsle i denne og alle verdener samla i eit einaste punkt midt i Nehls sitt mørke skjød. I ei æve og ein augneblink var alt stilt. Berre den evige Svanen sirkla der ute i mørkret, utan lyd.

Så skreik Svid, han kunne ikkje halde det ut! Dei ni ildryttarane førte i det same ein veldig hird av gnister i ein flaum ut i mørket, til alle kantar. All Svids ild blei slynga ut i mørket til alle kantar, med veldig kraft.»

Ragna sette seg tett inntil Okar.

«Slik blei Horndragen fødd. Ilden og mørkret såg dragen løfte hovudet med hjortehorna og den brøla, ny og naken i verda, fødd av Svid og Nehl som såg med sorg på eit nytt liv mellom dei.»

«Dei var ikkje glade for dragen deira.» sa Ragna mest utan lyd. Ho såg for seg den veldige dragen, nyfødd og naken, og det einaste som møtte den var sorg. Det var ikkje til å halde ut.

«Dei er for gamle til å glede seg over det nye som likevel skal døy.»

«Var den vakker?»

«Den var så vakker at me ikkje kan fatte det.»

«Var den grusom?»

«Den var heilt aleine og den var uendeleg vakker» svarte Okar.

Ragna trakk pusten støtvis og djupt som om ho hadde gløymt det ei tid.

Mamma?

25 lørdag okt 2008

Posted by Avil in Kontornytt

≈ 8 kommentarer

Sånne forstyrrande element som kjem inn på kontoret er jammen ikkje lette å vere brysk mot.

Bli din eigen mr Darcy

24 fredag okt 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 25 kommentarer

Menn er vanskelege å forstå seg på, og det beste ville vore å vere emosjonelt uavhengig. Til no har dette virka umogleg for mange, men no er det innan rekkevidde. Du kan bli din eigen mr Darcy. Sjølvforsynt, sjølvstendig og i emosjonell harmoni.

Dette treng du:

  • Eit stort hus
  • Elggenser
  • Vere taus og utilpass
  • Smile overraskande varmt på slutten av dagen

Dette går over all forventing. Eg har hatt ein veldig fin dag. No smiler eg overraskande varmt allereie.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

oktober 2008
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« sep   nov »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 89 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...