Eg ler mest, og ungane må forsikrast iblant om at det er galskap, det me les. Men den er verkeleg genial. Innimellom alt det skremmande alvoret kjem til dømes Bruse-Kurt i tankar om at han kan lage brus og selge dyrt til dei andre tullingane i sekten, om han kallar det Kristi Brus.
Erlend Loe sine Kurt-bøker er noko av det beste som har skjedd høgtlesande småbornsforeldre her til lands. Og Kurtby gjev absolutt rom for felles refleksjon med borna om folk som trur dei veit meir om kva Gud vil enn andre folk, og Helvete og tungetale og vaksendåp og sekter og manipulerande folk og folk som berre gjer som andre seier. Det einaste eg manglar er eit piano, for eg kan spele, men ikkje synge, etter notar. Og den der songen om knipsing på tissen har litt for mange vers til å berre bli lest høgt.
Argh, det er IKKJE sant at kvinner tenker meir komplisert enn menn, og det er ikkje sant at menn har boksar som ikkje kan berøre kvarandre og at dei berre snakkar om ein ting om gongen, og det er i alle fall slett ikkje sant at menn kan kople ut og tenke på ingenting mens kvinner ikkje kan. Argh!
Men det ER sant at jenter/kvinner allereie i toårsalderen viklar seg inn i meir kompliserte relasjonar til andre, og er meir verbalt sterke tidleg i livet, og på den måten får utvikla eit meir komplisert begrepsapparat/språk for relasjonar, og brukar mykje meir tid på tolkning av andre enn menn gjer. Og det er sant at kvinner ser ut til å bruke «heile» hjernen på tenking og problemløysing, mens menn ved same oppgåver ser ut til å bruke primært eine hjernehalvdelen eller avgrensa deler av hjernen. Dette kan godt henge saman med at kvinner involverer språkbehandling når dei skal tenke praktisk, men det er berre ein hypotese.
Og det er sant at menn i vår kultur får lov til å vere meir opptekne av eigne behov enn kvinner. Småjentene blir tidlegare verbale og fornuftstyrte (tidlegare, ikkje betre på sikt – medmindre dette blir dyrka fram av miljøet!) mens gutane i tre-fire-årsalderen framleis ikkje klarar å overstyre handlingsimpulsar med verbale ordrer/reglar.
Dette ser me ut til å forsterke enormt gjennom oppdraginga, jentene blir tildelt ansvar og forventningar som gutane slett ikkje opplever, og me unnskylder gutar sin oppførsel med kjønn, mens me er betydeleg strengare mot jentene. Og som vaksne/foreldre har me klåre kjønnsroller der dette mønsteret blir vidareført. Kvinner SKAL sette eigne behov til side og sjå barna, mens menn gjerne kan vere «i si eiga verd», og så må «mor gripe inn for han høyrer jo ikkje likevel» og så vidare.
Men menn er like kompliserte og samansatte, og like emosjonelle, og menn snakkar ofte om fleire ting samstundes, og menn er fullt ut i stand til å sette eigne behov til side om dei har fått ei oppdraging som stimulerer dette.
Og kvinner kan godt vere sjølvopptekne, tankelause og enkle.
Og dei individuelle variasjonane ER større enn variasjonane mellom kjønna, uansett kva mental eigenskap me måler.
Organa etterlyser bilete av tøflane mine. Eg er som vanleg offensivt sørvisinnstilt, så i dag blir det moteblogging frå kontoret. Som alle veit, filttøflar og tweedskjørt er aldri feil.