Argh, det er IKKJE sant at kvinner tenker meir komplisert enn menn, og det er ikkje sant at menn har boksar som ikkje kan berøre kvarandre og at dei berre snakkar om ein ting om gongen, og det er i alle fall slett ikkje sant at menn kan kople ut og tenke på ingenting mens kvinner ikkje kan. Argh!

Men det ER sant at jenter/kvinner allereie i toårsalderen viklar seg inn i meir kompliserte relasjonar til andre, og er meir verbalt sterke tidleg i livet, og på den måten får utvikla eit meir komplisert begrepsapparat/språk for relasjonar, og brukar mykje meir tid på tolkning av andre enn menn gjer. Og det er sant at kvinner ser ut til å bruke «heile» hjernen på tenking og problemløysing, mens menn ved same oppgåver ser ut til å bruke primært eine hjernehalvdelen eller avgrensa deler av hjernen. Dette kan godt henge saman med at kvinner involverer språkbehandling når dei skal tenke praktisk, men det er berre ein hypotese.

Og det er sant at menn i vår kultur får lov til å vere meir opptekne av eigne behov enn kvinner. Småjentene blir tidlegare verbale og fornuftstyrte (tidlegare, ikkje betre på sikt – medmindre dette blir dyrka fram av miljøet!) mens gutane i tre-fire-årsalderen framleis ikkje klarar å overstyre handlingsimpulsar med verbale ordrer/reglar.
Dette ser me ut til å forsterke enormt gjennom oppdraginga, jentene blir tildelt ansvar og forventningar som gutane slett ikkje opplever, og me unnskylder gutar sin oppførsel med kjønn, mens me er betydeleg strengare mot jentene. Og som vaksne/foreldre har me klåre kjønnsroller der dette mønsteret blir vidareført. Kvinner SKAL sette eigne behov til side og sjå barna, mens menn gjerne kan vere «i si eiga verd», og så må «mor gripe inn for han høyrer jo ikkje likevel» og så vidare.

Men menn er like kompliserte og samansatte, og like emosjonelle, og menn snakkar ofte om fleire ting samstundes, og menn er fullt ut i stand til å sette eigne behov til side om dei har fått ei oppdraging som stimulerer dette.
Og kvinner kan godt vere sjølvopptekne, tankelause og enkle.

Og dei individuelle variasjonane ER større enn variasjonane mellom kjønna, uansett kva mental eigenskap me måler.

Advertisements