Det har stått i stampe ganske lenge. Manusarbeidet. Ikkje fordi eg manglar noko å gjere, bevare meg vel og herre min hatt. Eg har eit manus på ganske nøyaktig 150207 ord, fordelt på 100 ferdige kapittel og 11 uferdige kapittel. Dessutan har eg kladden til omlag fem enno uskrivne kapittel, og erfaringsmessig veit eg det vittar på seg når eg først får det frå papir til pc. Eg har også to utskrifter av manus der gamleredaktøren har skrive notat i det eine og nyeredaktøren har skrive notat i det andre. Dessutan har eg ei rekke problemstillingar i kladdeboka mi, enkelte ting som må klargjerast for lesaren, andre ting som må ryddast litt opp i.
Kvifor står det i stampe, då?
Kvifor sit eg og leiter etter informasjon på nett og les bloggar og skriv små avsnitt som eg ikkje syns er noko bra?
Fordi det ikkje er eit manus. Det er eit enormt prosjekt samansett av deloppgåver, og nett no har eg openbert ikkje heilt oversikten over nøyaktig kva eg skal gjere. Prosjektet er blitt så stort og samansett at eg er begynt å dille i krokane framfor å drive med det eg skal.
Dessutan manglar eg handfast mål på framdrift. Så lenge eg dreiv med rein tekstproduksjon kunne eg sjå kor mange ord eg hadde skrive kvar dag. Å flytte, redigere, skrive betre og slette gjev ikkje same moglegheit for kvantitative mål. Eller gjer det det?
Så no skriv eg igjen ned kvar scene på gule lappar. Sist eg gjorde det, var oppgåva å finne ut om det skjedde endringar i tankar (t.d. innsikt/intensjon) og/eller emosjonar hos karakterane i kvar scene.
Denne gongen skal eg gå gjennom igjen: Kva er ferdig? Kva skal gjerast?
Kvar einaste scene i boka får sin eigen lapp, og kvar einaste lapp startar på den svarte tavla. Alt som er ferdig blir flytta over på den brune.
Så får eg noko konkret å måle innsats på, eg får oversikt over kva eg skal gjere, og eg kan sjå om eg arbeider fort nok. Det funka sist, og eg fattar ikkje at eg har latt det gå så lenge utan å gjere det no.
I morgon ringer redaktøren, og han skal hjelpe meg med lappeflytting.
Nett no held eg gruppemøte med meg sjølv på kontoret og skriv gule lappar.