Eg syns Nils-Øivind Haagensen er veldig søt, eg. Henrik H. Langeland er übersøt, faktisk. Mattis Øybø er så søt at det nesten ikkje går an. John Erik Riley har eg ikkje møtt, men jaggu har eg sett fjeset hans og namnet hans mange stader. Kan hende han også er søt, kva veit eg.

Dei dukkar opp. Dei gjer ting, skriv ting, snakkar med folk, rører seg, tenker seg om. Det er dei ikkje aleine om. Men det er noko med desse unge mennene. Ja, eg syns jo dei er unge og, ikkje berre søte. Dei er i alle fall ikkje gamle og sure. Og dei vil noko. Og ikkje minst: Dei blir lagt merke til.

Ein epost eg fekk her ein dag avslutta slik: «(…) det er tre, fire sånne kjekkaskarer som er alle steder, som gjør alt, som er flinkest og vet best. (…) Jeg vet ikke om noen kvinner som trekkes fram sånn. annet enn i freak show-sammenheng når ragde, lindell og hjorth er yndede objekter.»


Debatten har herja før. Menn som ikkje syns kvinner skriv Stor litteratur. Kvinner som syns menn gjer for mykje ut av seg, er for sjølvgode, for alvorlege, for ivrige, for synlege.

Eg pleier bli vanskeleg og vrang når det kjem til generaliseringar kring kjønn og kjønnsforskjellar. Men eg har jo min eigen teori, litt sånn lauseleg tufta på Boye Katzenelson sine tankar om kjønnsforskjell (dansk tidl. professor i psykologi ved Aarhus Universitet, og forfattar av mellom anna Homo Socius).

Nemleg at menn er meir opptekne av den «utvendige moral» (juss, politikk, å finne den «ideelle regelen», og felles svar på alt) og dermed også eksistensialisme som ein slags overordna og global tenkning, mens kvinner er opptekne av den «innvendige moralen», altså den relasjonelle og kontekstuelle. Dermed handlar dei Store Fortellingane til kvinner om nære relasjonar og konfliktar (som hos Undset) og er aristotelisk utforskande, mens dei Store Fortellingane til menn gjerne er meir opptekne av «generelle svar» på eksistensielle spørsmål, meir platonsk kategoriserande.
Menn gjenkjenner kvarandre sine tema som viktige, kvinner gjenkjenner kvarandre sine tema som vedkommande.

Resultatet slår ut på to måtar:
1. Det er framleis menn som er premissleverandørar for kva som er viktig i det kulturelle landskapet, og dermed blir mannelitteratur og manneprosjekt framheva. (enig/uenig? er eg på viddene her?)

2. Manneprosjekt er gjerne desse «svaret på livet og døden og alt og Proust»-prosjekta som me (publikum, like mykje som premissleverandørane) er kulturelt opplært til (i denne mannsdominerte kultursfæren) å gjenkjenne som Store Prosjekt, mens kvinneprosjekt som til dømes «kva er ei god mor» blir oppfatta som for nære, fragmenterte og relasjonelle til å vere av Nasjonal Interesse.

Og stilen.
Kvinneprosjekt (relasjonelle og kontekstuelle) blir om og men og kanskje og det kjem an på.
Manneprosjekt (globale og kategoriske) blir ja og nei og rett og galt.

Manneprosjekt blir lettare å skrive om (for media, bloggar) og lettare å snakke om. Eit klart svar kan ein vere enig eller uenig i.

Jah, det er no min teori, då.
Men kan hende har det mest med å gjere kven som er søtast. Eg har i alle fall krydra posten med bilete av søtnosar.

Advertisements