• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: oktober 8, 2008

Kill Bill-Avil

08 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Fordi eg fortener det

≈ 16 kommentarer

Sånn heilt malapropos dei siste postane her på bloggen, så har eg vore til einslags kamptrening i dag. For første gong. Eg er litt øm i ryggen og skjelven i armane, men overraskande bra i bekkenet. Eg var klønete og sveitten dreiv, og eg er veldig stolt av meg sjølv. Eg kan verkeleg ikkje slå, og sparking har det vore fint lite av dei siste tretti åra. Men det skal det bli ei endring på.

Eit stykke igjen, dog.

Kvinnekultur og normbrotsbadevatn

08 onsdag okt 2008

Posted by Avil in Kjønn, Litteratur, Svært lang post for spesielt interesserte

≈ 37 kommentarer

Forrige post var sleivete, ein blanding av debatten om kvinnelitteratur, mannelitteratur, kjønnsforskjellar og eit freistande blindspor kring det å vere tiltrekkande som fellesvariabel for dei som får merksemd.

Ole skriv i kommentarfeltet: Noen (som Woolf) greier å kaste av seg den borgerlige oppdragelsen sin i tilstrekkelig grad til å skrive om ikke-kvinnelige ting på en udamete måte, mens andre fremdeles er “engelen i huset” som skriver i en huslig tone om relasjoner og Kjærligheten (den egentlige).

Kvinnelittteratur er eit klamt omgrep, og eg får fortent pes for å antyde at noko slikt fins.

Men la oss no leike at eg har rett, at det er forskjellar mellom «typiske kvinnetema» og «typiske mannetema».

Det er ikkje dermed sagt at desse forskjellane er biologisk betinga, snarare tvert om. Eg har tidlegare skrive noko om at jenter gjerne verbaliserer relasjonelle tema tidlegare, fordi dei ofte er noko raskare ute med å snakke, men at dette vert enormt forsterka i oppdraginga. Me kan sjølvsagt diskutere dette som premiss for diskusjonen også, men la oss framleis leike at eg har rett: At me er svært merksame på barnet sitt kjønn og kategoriserer born og oppdrar dei kjønna. At jenter som gruppe er tidlegare verbalt sterke enn gutar, og at dette får konsekvensar for kvart enkelt individ. At jenter også blir oppdratt til å ha fokus på nære relasjonar, på fornuft og ansvar og har rollemodellar som viser at kvinner tek ansvar for andre (borna) framfor å dyrke eigne behov. La oss seie at dette fører til at kvinner tar denne sfæren alvorleg, den relasjonelle, kontekstuelle moral, og at dei gjennom oppveksten og vaksenlivet blir innvia i eit nyansert omgrepsapparat for dette. La oss vidare seie at det å ha fokus på eit livsområde, og ha eit godt omgrepsapparat for dette, gjer ein til ein betre observatør, og ein betre formidlar av sine observasjonar.

La oss seie at alt dette fører til at kvinner er gode på dette. Og la oss vidare ta med at dei individuelle forskjellane alltid vil vere større enn forskjellane mellom kjønn som grupper, når me snakkar om mentale eigenskapar. La oss ta med at jentebarn og kvinner også lever i forskjellige slags familiar, har forskjellige miljø og subkulturar, nokre veks opp med aleinemor som er snekkar, andre veks opp med to upraktiske akademiakrforeldre som snakkar mykje om likestilling, nokre veks opp i eit femtitalsekteskap. Samstundes har kvart barn med seg ein pakke potensiale, som påverkar eigen oppdraging, og som påverkar kva barnet søker av aktivitetar, informasjon og relasjonar. For å nemne nokre av dei faktorane som forpurrar kjønnskategoriseringa.

Om du har fulgt meg så langt, kan me kan hende einast om at det vil vere kulturelle føringar for enkelte tema som kvinner er opptekne av.

Nokre kvinner gjer andre ting. Dei fleste vil ein kanskje seie, og at eg som lesar er fordomsfull og berre leitar etter døme som stadfestar det eg seier. Kan hende. Men som sagt, leik med meg, lat som eg har rett så langt.

Dei kvinnene som bryt normen, er dei meir seg sjølve enn dei kvinnene som er jækla gode på å skrive om typiske kvinnetema? Er dette med relasjonar og det nære, moralske universet mindre viktig enn nasjonale, politiske spørsmål eller platonske generaliseringar kring død og Gud?
Er dei tingene kvinner blir tradisjonelt gode til å observere og snakke om mindre viktig fordi det er tradisjonelt kjønna tema?

Og er kvinner som har atypisk oppdraging, eller kvinner som interesserer seg for meir tradisjonelle mannetema meir frigjorte? Gjer dei noko viktigare i seg sjølve, enn kvinner som er opptekne av tradisjonelle kvinnetema? Er det temaet i seg sjølve som gjer dei tradisjonelle kvinnetemaene mindre viktige, eller det faktum at det er kvinner sine tema, eller er det at dei er tradisjonelt forventa av kvinner?

Det å bryte normer har ein kulturell verdi i seg sjølve, for ikkje å seie ein kunstarisk verdi i seg sjølve. Normer blir synlege ved normbrot, og sjølv om normbrotet er lite sosialt risikabelt innan eigen subkultur kan det likevel ha ein funksjon.

Men det er i mine auge særdeles risky business å meine at kun kvinner som skriv om andre tema enn tradisjonelle kvinnetema skriv viktig litteratur. Ein skyller eit heilt språk og omgrepsapparat, ein heil livsfære ut med normbrotsbadevatnet, ein favoriserar dei typiske mannetemaene ytterlegare, og ein nullar ut ein lang og levande kultursfære som uviktig. For ikkje å snakke om at ein sementerer synet på at ei intellektuell og frittenkande kvinne bør tenke som ein mann.

Eg ønsker ikkje at alle kvinner skal skrive bøker om familiane sine, fordi eg syns det er så fint og flott at kvinner er kvinner, og eg omfamnar ikkje nyfeminismens «kvinner har rett til å føle seg feminine ved å stolpre seg gjennom livet i ukomfortable sjo og klede og sulte seg for å vere attraktive samstundes som dei skal tene pengar, få orgasme kvar dag og bake boller i kvar ledige stund».

Men eg ønsker at kvinner skal kunne skrive om, og utforske, dei temaene som me blir jækla gode på fordi me er blitt utsatt for jenteoppdraging. Kjønna oppdraging er eit åk, for begge kjønn. Men det ein faktisk har lært og blitt god på er ikkje verdilaust sjølv om systemet med kjønna oppdraging i seg sjølv er galt.

Eg kan ikkje fri meg frå å vere prega av at eg er jente, storesøster, oppvaksen på syttitalet i ein tettstad vest i Noreg. Dette gjev meg avgrensingar, og det gjev meg kompetanse. Og eg brukar den kompetansen når eg skriv, sjølvsagt gjer eg det. Eg vil gjerne gjere meg bevisst kring avgrensingane mine, og kompetansen min, og eg vil gjerne drøfte kulturen eg er oppvaksen i.
Men eg vil ikkje vere med på å ureflektert nulle ut omgrepsapparatet mitt og kompetansen min utelukkande fordi eg er oppdratt i eit kjønna samfunn som ikkje burde vore det.
Temaene eg er god på å observere er like viktige, sjølv om eg ikkje burde vore god på det pga kjønn, og språket mitt er nyansert og nøyaktig på tema som gutar også burde hatt nyansert og nøyaktig språk for. Det blir ikkje mindre viktig av at gutar ikkje har fått tilgang på dette språket.

Målet er ikkje å skrive ikkjekvinnelege ting på ein udamete måte, like lite som målet for ein mannleg forfattar er å skrive ikkjemannete ting på ein umandig måte. Heilt ærleg.
Målet må vere å sjå så klart ein formår, og tørre å kjenne sine avgrensingar.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

oktober 2008
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« sep   nov »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen