• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Daglige arkiver: oktober 14, 2008

Er det berre meg?

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 21 kommentarer

Den der saken som me ikkje kan blogge om fordi det er for pinleg. Ja, du veit. Ein ting er å lyge. Ein annan ting er å lyge og vere vakker kvinne og innvandrar i politikken. Så langt, så godt, blogg i veg. Men spåkoner. Det går rett og slett ikkje an å snakke om, så flaut er det. Djeezes. Men altså, ho der. Kvar gong eg ser namnet hennar i ei avis, så får eg eit bilete på netthinna. Det vil ikkje bort. Er det berre meg?

Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Metablågging

≈ 21 kommentarer

Eg har no flytta alle postane mine derifrå og hit. Og sendt følgande melding til administrator av staden:

Hei!
Eg har forgjeves forsøkt å logge på i lang tid. No vil eg be deg om å slette heile bloggen min på Forfatterbloggen. Både fordi eg ikkje kjem inn på den, men mest fordi det ser ut til at nokre tilsynelatande forstyrra (eller svært lite sosialt tilpassa) brukarar tek svært mykje plass på Forfatterbloggen. Når eit innlegg om incest heilt forutsigbart blir fulgt opp med eit langt kommentarfelt der incestoffer blir framstilt som løgnarar og sytekoppar, og når fleire av brukarane ser ut til å ha eit slags korstog mot psykiatri og psykologi, og ikkje vik tilbake for å påberope seg forskning og æreskjelle andre brukarar om ein annan, ønsker eg ikkje ha ein blogg der lenger.
Takk for meg.
Synd forfatterbloggen utvikla seg til å bli ein slik leikeplass for forstyrra kverulantar.
mvh
Kristine Tofte

Til orientering.

22 juni: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ Legg igjen en kommentar

Forfattar – kan hende

forfat’tar m1 (etter ty.; av forfatte)
1 opphavsmann til noko som er skrive f-en av brevet, artikkelen, boka
2 (prosa)diktar han er ein kjend f-

Eg er ute av skapet som debutant. Eg er sjølv skuldig i open og langt frå bramfri (bramfri smålåten; stillfarande; enkel, naturleg ei b- kvinne) å ha komme ut av skrivaskapet. Vifta med framside og vist fram omsett tekst har eg og. I det heile har eg openbert ikkje skamma meg. I alle fall ikkje nok. Men boka er ikkje heilt ferdig eingong, og sjølv om redaktøren let vel over arbeidet til no, er eg verken sikra at det endelege resultatet fell i smak hos nokon, eller at (gud forby) eg nokonsinne får eit verk mellom to permar. Eg er ganske sikker, då, det skal eg ha. Men heilt sikker kan ein aldri vere.
No sit eg her og undrar meg. Over meg sjølv.
At eg kan vere så skamlaus, at eg kan vere så utleverande.

På min eigen blogg har eg innbilt meg at det var ein nær, liten krins av lesarar som fekk nyss i kva eg dreiv med. Snille og imøtekomande lesarar som allereie har stifta kjennskap med kvardagsskildringar og tant og fjas. Folk som veit eg ikkje tek meg sjølv meir alvorleg enn at eg blir rasande om eg ikkje vinn konkurransar, men erkjenner eigen infantile sjølvblamering straks etterpå. Folk som veit at eg ser ein bloggpost som eit utgangspunkt, der kommentarfeltet tilbyr resten av teksten.
Bloggen min her på Forfattarbloggen har mykje færre lesarar enn Fjordljos-bloggen. Likevel er det meir nake, meir utleverande å skrive her.
Det er først og framst andre lesarar. Folk som ikkje kjenner meg på nett, og kan hende folk som kjem hit for å lese kva forfattarar bloggar om.

Eg er ikkje forfattar.
Eg er forfattar.

Då eg var yngre tenkte eg at forfattar var noko ein kunne kalle seg etter to, tre bøker kan hende. Helst då bøker som var gode. Utan at eg kunne seie så mykje vettugt om kva det var, og det kan eg framleis ikkje. Men andre kan. Forfattarforeininga kan. Litteraturvitarane kan. Kritikarane kan.
Eg blir berre ullen og snakkar i ring og føler meg ubudd og rar om eg skal seie noko om det.
Men forfattar, altså.

No kjennes det annleis å bruke ordet. Det har endra seg. No tenker eg at ein forfattar er ein person som har forfatta noko. Det vil seie: Gjort noko ferdig.
Eg er framleis ikkje forfattar. Eg er ikkje ferdig. Men snart, ulvar, så er eg der. Snart, kråketing, så er eg nok det. Og då vil det eg har forfatta vere gjort arbeid okke som (okke v1 (lydord) seie okk, *akke (II), sukke o- seg over noko klage, syte over noko). For nokon vil kan hende klage. Kan hende vil det komme nokon og seie at dei hadde håp om å sitte med ein norsk Kallevala, ein norsk Ringenes herre, ein norsk Harry potter mellom hendene. Og at dei ikkje fekk det dei ønskte seg. At noko ikkje er bra nok, eller at svært mykje ikkje er bra nok.

Men eg skal fullføre. Eg skal arbeide teksten gjennom minst ein gong til, sørge for at dynamikken mellom kapitla, framdrifta, språket, spaninga, at alt blir så bra som eg får til.
Eg skal sjå på karakterane igjen, om dei verkeleg endrar seg, om endringa eg tenkte å skildre er realistisk for meg som lesar, om dei er folk eg likar framleis, og om det er noko som må endrast.
Det er eit stykke å gå.
Men eg kjem dit. Det er eg viss på. Det må eg vere, om eg skal halde drivet oppe.

Og då kjem eg ikkje til å syns det er merkeleg å kalle meg forfattar. Sjølv om det foreløpig vil stå som ein god nummer to (eller tre eller fire) når eg skal seie kva eg driv med.

Om eg skal seie kven eg er, så har eg alltid vore forfattar, eller blir det aldri. Og det kjem eg ikkje til å snakke om her. Nokre spørsmål er for nærgåande å drøfte med meg sjølv for open scene. Sjølv for meg. Sjølv for ein skamlaus debutant.

debutere~ere v2 (utt debute>re; frå fr, sjå *debut) særl om kunstnar: stå fram (offentleg) el. gjere noko for første gong ho debuterte på Trøndelag Teater / d- som møteleiar

09 juni: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 2 kommentarer

Skinn til salgs, om du kan fange bjørnen

Eg skriv no dei siste kapitla av Song for Eirabu. Redaktøren min er sjukmeld og skal skifte jobb. Eg satsar på at det ikkje handlar om meg. Men det som handlar om meg, er å få boka ferdig. Ny redaktør kjem ikkje på plass før etter sommarferien. Juli er visst forlaget stengt eller noko.
Første del av boka er gjennomlese og omskrive fire, fem gonger. Minst. Den nye redaktøren skal få siste del rått og ubearbeidd, i alle fall av menneskehender. Ja, eg går sterkt utfrå at eg ikkje er heilt menneskeleg, sidan fingeravtrykket mitt no er avvist som uleseleg ved to forskjellige flyplassar.
Han er ikkje på plass ved forlaget før 1.august.
Så er det pirk og endringar, omarbeiding og omskriving.
Så er det korrektur.
Og så skal boka trykkast.

Eg trur Haugen bok er ute etter å stresse meg. Eventuelt trur dei at folk utan fingaravtrykk er supereffektive. Superhuman, du veit, slike som kommuniserer utvunge på internett. Dei fattige skal ha takk.
Og dei finaste folka, fantasynerdane, er som vanleg først ute med alt som er kult. *knegg*

06 juni: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ Legg igjen en kommentar

She is broke, but she won’t shut up

Eg har, som debutant, hatt ein heilt unik situasjon siste halve året. Eg har ikkje vore i arbeid. Ungane har vore på skule og i barnehage, og me har strekt budsjettet.
Heile, fine arbeidsdagar har blitt til ei tjukk bok som faktisk kjem ut. w00t! w00t! ^-^!

Men hausten framstår som ein økonomisk og praktisk vegg. Eg har ei bok til som skal skrivast, del II av Song for Eirabu ligg klar som synopsis, med kapitlar både i begynnelsen, midt i, og sjølve avslutninga er ferdig skrive.
Snart kjem forskotet, som uavkorta er ønska inn på felles konto for rekningar. Eg må ut i arbeid igjen, og eg fryktar slitne ettermiddagar med ungar og handlekorger og butikkar og lekser, og ein temmeleg utsliten mor i halv ni-tida som synk saman foran pc og ikkje greier så mykje meir enn 300 ord til dagen.

Eg er ingen barnlaus og svolten Hamsun, ingen Lessing som reiser frå heile skiten. Eg er her, ungane er her, rekningane fortset å komme og eg kan ikkje samanlikne meg med dei som skriv bøker på natta. Eg er ikkje ei av dei som kan ete bløtekake til det tyt ut øyrene på meg utan å legge på meg, og eg er ikkje ei av dei som i desperat smerte trykker ut bøker mens nattesøvnen kan vente til eg blir gammal. Eg er mor, eg er her, eg har mine avgrensingar. Eg er bekymra.

Det einaste eg vil akkurat no er å få lov til å fortsette å skrive.

Kan hende blir hausten fin.
Kan hende kjøper folk boka mi og gjev meg ei inntekt som betyr redusert stilling.
Kan hende kan eg bytte ut blogging og anna innimellomskriving med ei og anna oppgåve som ein faktisk tener penger på.

Nett no er det berre uforutsigbart og skremmande.

helsing Snart ferdig Med Første Bok, Blakk, Og Full Av Uro

03 juni: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Språk

≈ Legg igjen en kommentar

Ordbok og poesi

Eg brukar Nynorskordlista på nett temmeleg flittig.
Gjennom seks års nettbruk har tekstformata på forum og blogg vakse i meg til sjølvstendige rammer for uttrykk, og det same skjer med ordlista. Det er ein eigen poesi der, og kvar gong rammar den meg like brått. Uførebudde lyriske augneblink.
Sjå berre her:

hòle

I hòle f2 (norr hola; av III hol)
1 holrom inni berg el. under jordoverflata ei underjordisk h-
2 holrom i kroppen bukh- / munnh-
3 søkk i lende, berg, kjøt o l armh-

Søkk i lende, berg og kjøt.

01 juni: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Ein festivaltorsdag

På fredag var Lillehammer Litteraturfestival allereie over for meg. Halvanna døgn var mi tilmålte festivaltid, men eg rakk no å bli ganske integrert i festivalflokken.

Først: Meg sjølv.

Eg skulle lese utdrag frå boka mi og «presentere prosjektet» som forleggaren sa. På engelsk, sidan seminaret var arrangert for å presentere norske bøker for utanlandske forleggarar. Og eg var først ut og kunne dermed halde meg utelukkande til gjettverk om korleis ein gjer slikt.

Det gjekk både bra og dårleg.

Dårleg først: Eg kan vere ganske morsom og underhaldande. Men eg var ikkje det. Eg var tørr og keisam og las opp nokre ganske lite spenstige utdrag frå boka, heilt utan dramatikk. Eg var nervøs, og las pent og pynteleg opp frå manuset, og introduksjonen var altfor lang, akademisk og lite underhaldande.

Etterpå kom Tiger Garté og snakka utvungent om puling og burning, Nikolaj Frobenius snakka proft og begeistra om ei openbert spanande og intelligent skrive bok, Ross Kolby sto med begge beina trygt planta rett foran publikum og var så pen at ingen høyrte kva han sa, Linde Hagerup var morosam og sjarmerande og las ein alvorleg tekst som fekk alle til å humre, Nils Henrik Smith las utdrag frå ei bok som var like opplagt spanande og intelligent skrive som Frobenius sin, og til sist kom Edvard Hoem og fortalte historia om foreldra sine, og han var så flink og historia var så fin og sår at eg gråt.

Med andre ord var alle betre enn meg, og eg skjønte at «oisann, dette skulle eg verkeleg ha gjort heilt annleis». Etterpå var det mingling, eller eigentleg lunsj då, og dei utanlandske forleggarane gjekk litt ikring og prata med andre enn meg.

Så det som var bra: Eg gjennomførte, overlevde og lærte mykje. Eg gjorde akkurat det eg hadde planlagt, og at planen var heilt feil visste eg jo ikkje før etterpå. Neste gong eg skal «presentere prosjektet mitt» så skal eg i alle fall ikkje «presentere prosjektet mitt», men gje lyttarane ei oppleving.

Eg var nøgd. Håpar det ikkje er siste gong eg skal lese opp, for eg er ikkje avskrekka, berre heilt klar på kva eg skal gjere annleis.

Så: Festivalen.

Det var sol og varmt. Det var kvitvin til salgs på nesten alle foredraga og opplesingane og intervjua. Eg fann fort to erfarne og festlege damer (denne damen og denne damen), og hang saman med dei under resten av opphaldet. Dei bladde festivalvant i programmet og viste veg.

Det blei først mat og ein del vin, og eg fann ut at eg var godt pussa under debatten Fremtidens menneske, der eg heile tida fekk lyst til å kommentere alt frå Jon Bing, biolog Dag O. Hessen (eg trur det var han som var der) og Nina Kristiansen (redaktør for forskning.no). Det var ein prost der også, stakkar. Men eg hadde sjølvinnsikt nok til å ikkje rope begeistra ut, sjølv om dei snakka om musekjøtdeig på Ås og andre fine ting.

Me forlot ergerleg nok Bing og panelet før dei var ferdige, for å lytte til ei unyansert lovprising av Doris Lessing. Der var det ikkje eingong vin. Etterpå var selskapet tørste av skuffelse, og gjekk på ein nesten forlatt hagefest. Det var i grunnen ingen dum ide, sjølv om festen var litt daff, for sola skein, graset var grønt og lufta var fri for alle. Dessutan fann me denne damen, som blei med oss vidare på quiz.

Litteraturquiz på litteraturfestival med alle dei litteræraste folka er latterleg vanskeleg. Dei andre på laget gjorde ein heiderleg innsats, det skal dei ha. Men me gadd ikkje levere. Eg har eit overutvikla konkurranseinstinkt og jobba hardt mentalt med å late som om eg ikkje deltok i ein konkurranse (langt mindre at eg tapte på å gje meg). Meir vin.

Margareth Atwood i Parken, fysisk i Toronto, men virtuelt tilstades og på storskjerm klypt saman med bilete av Dagblad-journalisten som intervjua henne. Me var litt nedlatande overfor denslags billege triks før me kom, men takka vere Atwood som ser ut som ei overjordisk dronning, cortex og sikkert også all vinen, blei eg veldig rørt og glad og syns det heile var magisk.

Dessutan var det ekte Storm-Troopers der. Heilt ekte klonesoldatar. Eg tok på dei ved kvar anledning og sukka henrykt. Dei var sikkert litt lei av meg. Men dei var dei aller, aller finaste. Dessutan måtte dei drikke brus med sugerør på grunn av hjelmane. Kan du tenke deg noko så fint.

Og så var torsdag 29.mai over.

*lukkesukk*

(bilete er tjuvlånt frå Channel4, sidan eg ikkje klarte å laste opp eigne bilete av Stormtroopers frå festivalen)

27 mai: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ Legg igjen en kommentar

Ut blant folk

Eg skal altså ut blant folk. For aller første gong skal eg lese opp frå Song for Eirabu for framande folk.
På engelsk, berre for å gjere det litt spanande for alle partar.
Eit rom på Breiseth hotell i Lillehammer.
Seks norske forfattarar, med kvar sin redaktør til å smile oppmuntrande til dei, og sju utanlandske forleggarar. Og så meg, då. Det står «author» om meg i informasjonspapira. Men boka mi kjem ikkje før oktober. Er eg forfattar no, då? Skribent, kan hende? Eg er klam i hendene.

Det var eit kick å sjå teksten sin på engelsk. Eg har lese ein del engelske bøker, og min eigen tekst blei brått framand og verkeleg for meg. No har eg øvd. Eg har lese høgt for kyrne utanfor sommarhuset. Dei var nøgd. Kyr er dumme og svært interesserte. Eit takksamt publikum. Og så har eg øvd framfor folk (familie i alle fall). Det var vanskeleg.
Eg får berre halde på i femten minuttar. Det er ikkje mykje, når ein har ei bok på snart 600 sider, og hovudet fullt av ei fiksjonsverd med eigen mytologi og verdsorden, tre kongehus, intrigar, gryande vennskap, kompliserte slektsforhold, svik og konspirasjonar, kaoskrefter og kosmosverger.

Det fine er at eg får komme litt ut blant folk. Det er ikkje sjølvsagt no i innspurten.
Og så får eg møte nokre andre som driv med liknande greier. Skriving og sånn. Det blir litt fint.

Her er ein liten bit engelsk omsetting, dette er saksa frå prologen:

The woman’s body lies deep; the head of one horse after the other left to sink into the moor above her for centuries. Layer upon layer of sneering, rectangular heads in the peat. They had all been exsanguinated before they were left to the moor.

The woman’s body lying in the peat had no wounds. No tears in the dark leather of her skin. She had not been a sacrifice. She had not been lowered into the moor. She had not died before she sank. She had chosen to lie down and sleep on the moor. And she had slept there for almost a thousand years; she had slept since the big earthquake, and human beings now reckon their time such that it was 950 years after Eletiel.

The light rested on an island in a fjord. The fjord flowed like two narrow channels around the island, thinning at the north of the island, but gaping around the island, large and broad in the mouth of the fjord. Breath flowed in and out with the ocean¿s tides; inhaling, exhaling. The fjord breathed in and out slightly less than two times a day, the water reaching highest around the island about four hours after the moon stood directly in the south. The woman had slept in the peat while the fjord had drawn its calm breath as many times as a human draws breath in its little lifetime. The woman in the peat had not drawn a single breath since she had allowed herself to sink into the acrid water.

The last thing she did before lying to rest was to play out her part in the course of the world. She had a key that would put everything in motion. She had the prophecy of the world’s end. And someone had come who wanted to know everything. The one who would bring her words to the gods and bards, to the world that would end. To those who would die and to those who few who would survive and be remembered.

This was her fate, in this world as in the last, and as it will be in the next. She carried with her the prophecy of Ragnarok and would deliver it when it was time.

Og slik blir omslaget, bortsett frå at det vil stå Bind I og ikkje Fagerheim:

19 mai: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ Legg igjen en kommentar

Eg likar deg, trass alt

Det hender at eg syns livet er leit, at oppgåvene er for mange, at eg er for lat, at huset er for skitent og eg lurar på om menneska eigentleg burde utryddast sidan me spreiar oss som kreft på kloden, og det hender at eg svevar i meiningsløyse og einsemd i mitt eige hovud.

Då er det to menn som alltid trøystar.
Den eine er K.E.Løgstrup, dansk teolog og filosof. Han er så overtydd om det gode i mennesket og argumenterer så beigeistra for korleis verda i sin natur må vere god, at eg let meg trøyste. Han skriv mykje som eg ristar på hovudet av, men han trøystar likevel.
Den andre er Boje Katzenelson, som var professor ved psykologisk institut i Århus då eg gjekk der. Han har lest og meint og skrive mykje som ein kan ha vanskar med å forstå, men i blant seier han det så enkelt og fint og opplagt.

Her er ein fin, liten oppsummering av kvifor eg likar deg, trass alt:

«Den vigtigste dimension i personopfattelsen er primitiv. Den går ganske enkelt ud på, om vi ved første øjekast eller ved lidt nærmere bekendtskab kan lide den anden eller ikke kan lide ham eller i hvilken grad vi kan henholdsvis lide eller ikke lide ham (Osgood et al. 1957).
Og denne dimension påvirker magtfuldt næsten alle øvrige indtryk, vi gør os af hans karakter, således at der opstår en betydelig konsistens i vort samlede billede af ham. De øvrige indtryk føjer sig ind i og farves af denne primære dimension. Hvis jeg kan lide ham, er jeg spontant tilbøjelig til at tolke hans adfærd og holdninger som udtryk for at han desuden er eksempelvis intelligent, ærlig, hensynsfuld, generøs etc. og ikke det modsatte. Det modsatte ville skabe inkonsistens i personopfattelsen, og det skal der lang tids bekendtskab med den anden for at kunne rumme.
Selv når der foreligger flagrant afvigende eller ligefrem modsat information om den anden, rokerer vi uden at gøre os det klart om på informationen for at udelukke eller minimere inkonsistensen og fastholde en konsistens personopfattelse (Sears et al. 1991).
Denne automatiske trang til konsistent eller konsonant virkelighetdsforståelse og udelukkelse af dissonant ditto, trangen til at forstå virkeligheden i meningsfuldt sammenhængende helheder, er et generelt træk ved vor erkendelse. Det har bl.a. Festinger (1957) vist og mange efter ham (…).»

og her er den trøystande fortsettinga i høve menneskeslekta nokre avsnitt seinare:

«Vor umiddelbare personopfattelse vurderer i almindelighet den anden positivt snarere end negativt. Positive vuderinger er langt hyppigere end negative. (…).
Det kan skyldes at vi selv føler os bedre tilpas, når vi mener os omgivet af mennesker vi kan lide, og derfor uden at vide af det arrangerer vor positive personopfattelse i positiv retning.
Men det kan jo skyldes, at det positive indtryk hyppigst er det rigtigste. At vi i det store og hele er nogenlunde så ordentlige som vi oplever hinanden. Denne formodning hænger godt sammen med de for denne bogs æringde centrale antagelser om gensidigheden, anerkendelsen og humaniteten i kapitel 1. Disse grundliggende teoretiske antagelser ville selvsagt være uholdbare, hvis ikke personernes faktiske liv i rimelig grad understøttede dem.
Det gør de heldigvis. Menneskeliv ville næppe være mulige, hvis vi ikke i overvejende grad opfattede hinanden positivt. Historiens store grusomheder ændrer ikke det billede.»

Me svever einsame i meiningsløysa mot døden. Men enn så lenge så er me no her, i live både du og eg. Og eg likar deg, trass alt.

Utdraga er henta frå Boje Katzenelsons «Homo Socius», 1994, Gyldendal.

13 mai: Forfatterbloggen

14 tirsdag okt 2008

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ Legg igjen en kommentar

Alvorleg og ubeskytta

Humor er ein måte å beskytte seg på. Ein kan drive gjøn, ironisere, parere vanskelege spørsmål med flirande hån eller fnisande assosiasjonar.
«Det er nemt at gøre nar» seier danskane.
Det er lett å gjere narr av alvoret, spele rollar og spele kvarandre ut.
Sentimentalitet, melankoli, romantikk. Ord med nyansar av spott.

Å kaste av seg intellektualisering og ironisering er befriande.
Å fortelle ei historie alvorleg og ubeskytta opnar for eit stort spekter av andre kjensler. Ein får komme inn til angsten, og inn bak den. Inn til ømhet, irritasjon, lyst, mismot, skam. Det opnar seg ei heil indre verd av tankar og kjensler.

Alle gode bøker eg har lese, dei verkeleg gode, har gitt meg ei kjensle av at forfattaren ikkje haldt noko tilbake. At h*n gav alt.
Å forstille seg, gøyme seg og drive narrespel er å redusere seg sjølve og sine eigne muligheiter.

Ein må gjere så godt ein kan, yte det ein kan. Ingen er så gode at halvt er godt nok for ein sjølve.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

oktober 2008
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« sep   nov »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen